Kort fortalt
- Faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt i 2026 blir fordelt på fire terminar, med forfallsdatoar 20. april, 20. juni, 20. september og 20. november.
- Du kan sjølv søke om utsett betalingsfrist via MiSide.
- Om du har vassmålar kan fakturaen for første termin vere høgare enn den vil vere dei neste terminane. Grunnen er då at du har brukt meir vatn enn det som var estimert for fjoråret.
Faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt i 2026 blir fordelt på fire terminar., og du vil få fakturaer med forfall 20. april, 20. juni, 20. september og 20. november i 2026.
Alle fakturaene som skal betalast ved desse terminane gjeld vatn, avløp, feiing, renovasjon, slam og eigedomsskatt.
Mot slutten av året vil det også bli sendt ut faktura for tilsynsgebyr til dei som har separate avløpsanlegg m.v., denne vil det kome meir informasjon om seinare.
Merk at på årets første faktura vil du sjå at det er fleire linjer enn normalt. Desse vil innehalde både minusbeløp og plussbeløp. Dette har med at det 01. juli 2025 vart innført momsreduksjon på vass- og avløpstenester i Noreg.
Sjå oversikt over gebyr på kommunale tenester
Har du spørsmål til fakturaen?
Under har vi forsøkt å gi svar på nokre av dei spørsmåla kommunen får når det gjeld faktura for kommunale gebyr:
Haram kommune vil forsøke å sende alle fakturaer digitalt, anten som eFaktura, avtalegiro, via Digipost eller som eit vedlegg i ein e-post. Om det ikkje er mogleg, blir faktura levert som papirfaktura.
Du kan også sjå fakturaene dine på MiSide (innlogging via ID-porten):
Gebyra for vatn og avløp, slam, renovasjon og feiing i kommunane bygger på sjølvkostprinsippet. Det vil seie at kommunen sine kostnadar med vatn og avløp skal dekkast inn gjennom dei gebyra som abonnentane betalar. Kommunen kan ikkje tene pengar på tenestene. Over- eller underskot i det enkelte år skal settast av til, eller trekkast frå på eit sjølvkostfond.
Eit overskot som er avsett til sjølvkostfondet, skal tilbakeførast ved å finansiere eit framtidig underskot seinast i det femte året etter at overskotet oppstod. På same måte vil underskot bli dekt inn ved å bruke av sjølvkostfondet.
Vi har ein todelt gebyrmodell. Det vil seie at det er eit fastledd per bueining, og eit variabelt ledd som anten vert stipulert eller målt. Dersom det variable leddet ikkje vert målt er forbruket sett til 1,2 kubikkmeter (bustadeining) og 0,6 kubikkmeter (fritidsbustad) per kvadratmeter bruksareal.
For næringseigedomar vert fastleddet fastsett ut frå ulike kategoriar, avhengig av vassforbruket på eigedomen. Det variable leddet skal alltid målast.
Grunnen til at beløpa kan variere er vassmålaroppgjeret. Oppgjeret kjem på fakturaen for 1. termin. Om du har brukt meir vatn enn det som har vore estimert, vil fakturen kunne bli høgare enn resten av året, om du har brukt mindre vil den kunne vere lågare.
Arealgrunnlaget som vert nytta er bruksareal, som er heile arealet innanfor ytterveggane på bygninga. Dette inkluderer også areal med bod, gang, trapp, hagestove og uinnreidde rom. For at eit bruksareal skal vere måleverdig skal takhøgda vere minst 1,9 meter.
Om du meiner vi har registrert feil areal på bustaden din kan du sende ein epost til postmottak@haram.kommune.no
Vass- og avløpsgebyra omfattar ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (forbruksgebyr). Abonnementsgebyret må alle abonnentar betale, uavhengig av om ein nyttar vatn eller ikkje. Forbruksgebyret er knytt opp mot kor mykje vatn ein nyttar. Her blir «vatn inn» sett lik «vatn ut» slik at vassforbruket også dannar grunnlaget for forbruksdelen av avløpsgebyret.
Dersom ein har vassmålar vert vassforbruket som vert målt på målaren lagt til grunn. Dersom ein ikkje har vassmålar vert vassforbruket stipulert ut frå arealstorleiken. Kvar kvadratmeter bruksareal (BRA) vert då rekna som 1,2 m3 vassforbruk. Næringseigedomar har plikt til å montere vassmålar, medan ein for bustad- og fritidseigedomar sjølv kan vurdere om ein vil foreta montering. Er slik målar montert, vert forbruket målt på målaren lagt til grunn for forbruksgebyret, uavhengig av om gebyret då blir høgare eller lågare enn ved stipulering på grunnlag av areal.
Prøv gjerne vassmålarkalkulatoren for å vurdere om det kan lønne seg med vassmålar eller ikkje.
Her finn du vassmålarkalkulator for 2026 (XLSX, 20 kB)
Fakturaen er knytt til den som står oppført som eigar av den enkelte eigedomen på det tidspunktet fakturagrunnlaget vert oppretta.
Eventuell fordeling av kostnadar mellom gammal og ny eigar må ordnast av partane sjølve.
Du kan utsette eller dele opp betaling av kommunale avgifter og eigedomsskatt. Slik gjer du det:
Logg deg inn på Mi Side. Du kan bruke linken under her, du finn den også øvst oppe på menylinja på denne sida.
- Her kan du søke om betalingsutsetting i ein månad. Søknaden må vere sendt før forfall på fakturaen.
- Dersom du vil delbetale fakturaen, kan du gjere det ved å nytte same KID/kontoopplysningar som du finn på fakturaen din. Hugs å søke om utsetting av betaling FØR du delbetaler for å unngå purring.
Alternativ kan du ta kontakt med kommunen på e-post eller telefon.
Vi gjer merksam på at det vil bli rekna forseinkingsrenter på det beløpet som vert betalt etter opphavleg frist. Dette gjeld sjølv om du har gjort avtale om å få utsette/dele opp betalinga. Rentesatsen frå 01.01.2024 er 12,5 % p.a. Det gjeld både for kommunale avgifter og eigedomsskatt som vert betalt for seint.
Logg på MiSide
Dette er eit eksempel frå tidlegare år, så den kan skilje seg frå den som du har fått. Eksempelet gjeld eigedom med vassmålar. Om du ikkje har vassmålar vil forbruksgebyret vere stipulert på bakgrunn av bruksarealet på huset ditt.

- Eigedomsskatt bustad/fritid:
Årleg gebyr for eigedomsskatt.
Her kan du sjå korleis eigedomsskatten blir berekna
- Vassgebyr abonnement bustad:
Den faste delen av vassgebyret
- Forskot vatn:
Estimert forbruk for inneverande år, på bakgrunn av forbruk føregåande år.
- Forbruk vatn forrige år:
Dette viser det faktiske forbruket forrige år.
- Fakturert vatn forrige år:
Dette viser kva som er innbetalt på forskot forrige år og blir difor trekt frå faktura på første termin.
- Feie- og tilsynsgebyr:
Fast gebyr for tilsyn/feiing, per fyringsanlegg/skorstein. Gebyret er årleg, og ikkje per tilsyn.
Sjå meir info om tilsyn og feiing
- Renovasjon 140l:
Fast gebyr for renovasjon. Denne linja vil spegle kva type renovasjonsabonnement du har.
Les meir om hushaldsrenovasjon
- Slamtømming annakvart år oppmøte:
Fast gebyr for tømming av slamavskiljar. Dette gebyret gjeld dei som har privat avløpsløysing. Dei som er tilknytt offentleg avløpsanlegg får i staden postar for avløpsgebyr.
Fann du ikkje svar på det du lurte på?
Då kan du kontakte innbyggarservice, så vil dei rettleie deg.