Når blir avfallet henta?
Sjå Attvin sin hentekalender
Du kan også få hentevarsel i eigen app på mobilen.
Har du spørsmål om renovasjon?
Spørsmål knytt til renovasjonsordning og henting av avfall skal rettast til Attvin.
På nettsidene deira finn du mellom anna informasjon om
- sorteringsguide
- hentekalender
- informasjon om miljøstasjonskort
- opningstider for miljøstasjonane
Gå til Attvin sine nettsider
Avfallssekkar
Du kan kjøpe ein ekstrasekk hos kommunen sin innbyggarservice i Haram tenestehus eller hos Attvin sitt kontor på Moa.
Prisar
Kommunen vedtek kvart år gebyrregulativ for innsamling og sluttbehandling av hushaldsavfall og for tømming av separate avløpsanlegg.
Sjå gebyr for renovasjon og slam.
Kort om næringsavfall
Forurensningsloven § 32, første ledd er sentral for handtering av næringsavfall og seier at:
Den som produserer næringsavfall, skal sørge for at avfallet blir brakt til lovlig avfallsanlegg eller gjennomgår gjenvinning, slik at det enten opphører å være avfall eller på annen måte kommer til nytte ved å erstatte materialer som ellers ville blitt brukt.
Næringsdrivande er altså sjølv pliktige til å sørge for at eige avfall blir gjenvunne eller handtert på ein lovleg måte.
Dette kan oppnåast ved at den næringsdrivande
- inngår avtale med ein aktør som sørger for henting av avfallet og overlevering av det til vidare behandling
- leverer avfallet sitt ved eit godkjent avfallsmottak
Meir informasjon