Politisk styring av Haram

Slik er den politiske styringsstrukturen for Haram kommune. 

Dei folkevalde har ei ombodsrolle, ei styringsrolle og ei leiarrolle. I tillegg har dei også ei arbeidsgjevarrolle. Dei er representantar for innbyggarane og ansvarlege for kommunen si drift, organisering og resultat. Dei skal representere kommunen utad, sette dagsorden og peike på ulike løysingsforslag.

Folkevalde må vege ulike interesser mot kvarandre og dei må prioritere og manøvrere mellom ulike grupper og partar. Dette er ei krevjande oppgåve. Om politikarane skal vere i stand til å ivareta det store ansvaret dei har, må arbeidet og prosessane vere organisert på ein effektiv og hensiktsmessig måte.

Eit viktig grunnlag for denne organiseringa er Lov om kommuner og fylkeskommuner Kommuneloven.

Ordførar og varaordførar i Haram kommune

Kommunestyret

Kommunestyret er øvste styresmakt i Haram kommune. Dei folkevalde politikarane gjer vedtak som administrasjonen utfører. 

Kommunestyret er valt for fire år, og har i denne perioden 27 medlemmer.

Sjå medlemmer i kommunestyret, møteplan og dokument

Sjå kommunestyremøta direkte og opptak.

Formannskapet 

Formannskapet består av 9 medlemmer som er valde blant av medlemmene i kommunestyret. 

Formannskapet i Haram skal ha følgjande tilleggsfunksjonar:

  • Fast utval for plansaker
  • Valstyre
  • Klageutval
  • Hastekompetanse etter kommunelova
  • Saker som gjeld trafikktrygging skal ligge til formannskapet inntil vidare
     

Sjå medlemmene i formannskapet, møteplan og dokument 

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal føre det løpande tilsynet og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegner av kommunestyret, under dette sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Utvalet skal ha 5 medlemmer. Kommunestyret vel sjølv medlemmer og varamedlemmer til utvalet, og blant medlemmene leiar og nestleiar. 

Sjå medlemmene i og dokumenta frå kontrollutvalet.

Forhandlingsutval

Dei fem arbeidsgjevarrepresentantane i partsamansett utval skal utgjere kommunen sitt forhandlingsutval som skal ha ein strategifunksjon overfor kommunedirektøren i tariff- og arbeidsgivarsaker.

Partsamansett utval

Partssamansett utval er eit lovpålagt organ etter kommunelova § 5-11. Partssamansett utval (tidlegare administrasjonsutval)  skal behandle saker som gjeld forholdet mellom dei tilsette og kommunen som arbeidsgivar, og blir sette saman av representantar for kommunen og for dei tilsette. 

Fleirtalet i utvalet skal bestå av representantar for kommunen, og veljast for 4 år. Kommunestyret vel sjølv representantane til kommunen og leiaren og nestleiaren frå utvalet blant desse.

I partssamansett utval er det 7 medlemmer, derav 5 politisk oppnemnte.

Kulturutval

Kulturutvalet skal vareta interessene frå kommunen på kulturområdet.

I kulturutvalet er det 5 medlemmer og varamedlemmer.

Sjå medlemmene i kulturutvalet, møteplan og dokument

Viltnemnda

Viltnemda er eit politisk utval for kommunen som behandlar spørsmål som gjeld forvaltning av vilt.

Viltnemda har 5 medlemmer og varamedlemmer.

Sjå medlemmene i viltnemnda med møteplan og dokument 

Medverknadsorgan

Haram kommune skal ha desse lovpålagte organa: 

Andre utval

  • Kommunen vil sette ned oppgåveutval etter behov
  • Det skal veljast ei valnemnd som skal kome med framlegg på val til dei ulike utvala

Utval knytt til eigedomsskattelova

Utval knytt til eigedomsskattelova skal vere sakkunnig nemnd for eigedomsskattesaker med 3 medlemmer og varamedlemmer og ei klagenemnd for eigedomsskattesaker med 5 medlemmer og varamedlemmer.

Sjå også

Oversikt over utval, møter og medlemmar

Slik er den administrative organiseringa av  Haram kommune