Ordførar og varaordførar

Vebjørn Krogsæter frå Senterpartiet er ordførar i Haram kommune, og Siv Katrin Ulla Hagala frå Arbeidarpartiet er varaordførar. Dei blei valde 24. oktober 2023. Neste val er hausten 2027. 

Mann med dress - Klikk for stort bilete
Kvinne med langt hår - Klikk for stort bilete

Viktige oppgåver for ordføraren er å vere ansiktet til kommunen utad, og leie kommunestyret og formannskapet.

Ordførar er den rettslege representanten til kommunen og underskriv på kommunen sine vegner i alle tilfelle der styresmakta ikkje er tildelt andre.

Kommunestyret kan gi ordførar myndigheit til å gjere vedtak i enkeltsaker og saker som ikkje er av prinsipiell betydning.

Dersom ordføraren mellombels trer ut av vervet sitt, rykkjer varaordføraren opp som ordførar. I slike tilfelle vil varaordføraren ha ansvaret for dei ordinære oppgåvene til ordføraren. 

Kontaktinformasjon