Innmelding av personopplysningar
Alle folkevalde og vara må sjå til at Haram kommune har korrekte personopplysningar slik at du får dei rette tilgangane og honorar til rett bankkonto.
Registrering for folkevalde
Bruk av IKT for folkevalde
Alle medlemmane i kommunestyret disponerer ein kommunal PC i kommunestyreperioden, medan varamedlemmar får nytte ein kommunal iPad ved behov etter storleiken på gruppene.
E-postkonto
Vi oppretter en Outlook-konto for deg. Dette er e-posten vi bruker for å sende deg relevant informasjon frå kommunen. Dersom du ønskjer å vidaresende desse e-postane automatisk til ein annan konto, kan du følgje rettleiinga frå Microsoft.
Logg deg på e-post
Arbeidsvilkåra for folkevalde
Arbeidet i dei ulike folkevalde organa blir regulert av Reglement for folkevalde organ. (PDF, 321 kB)
Godtgjering til folkevalde
Folkevalde har krav på godtgjering for arbeidsinnsatsen sin. Dei har også krav på erstatning for tapt arbeidsinntekt, og kompensasjon for utgifter i samband med vervet.
Du som folkevald må sjølv fremme krav om utbetaling.
Møtegodtgjering og dekning av utgifter
Møtegodtgjering og refusjon for reiser skal du som folkevald legge inn sjølv i lønssystemet.
Kva folkevalde har rett på av honorar og dekking av utgifter går fram av forskrift om folkevalde sine rettar til godtgjersle og velferdsgode (PDF, 219 kB).
Logg på Visma Expense.
Rettleiar for korleis du går frem i Visma Expense. (PDF, 626 kB)
Refusjon av tapt arbeidsforteneste
Dersom arbeidsgivar trekker deg i lønn for deltakelse i offentlege møte som folkevald, kan dei søkje om tapt arbeidsforteneste. Tapt arbeidsforteneste må dokumenterast med stadfesting med beløp frå arbeidsgivar. Får du lønn som vanleg, kan arbeidsgivar bruke det same skjemaet for å be om refusjon frå kommunen. Då må arbeidsgivar skrive på skjemaet ein merknad slik at det går tydeleg fram at det er snakk om refusjon til arbeidsgivar.
Søk om refusjon av tapt arbeidsforteneste (PDF, 118 kB) (Last ned og skriv ut)
Møteportalen
I møteportalen finn du alt som omhandlar politiske møte, som innkalling, sakslister, alle saksframlegg, protokollar og møteplan. I tillegg kan du finne relevant informasjon som til dømes handbok for politikarar, brukarrettleiingar og liknande. Her skal det også meldes forfall til møter, samt foreta votering.
Logg på møteportalen
Fritak frå kommunale verv
Folkevalgte kan søkje om fritak frå verv. Dette følgjer av kommunelova § 7 - 9.
Søknaden må vise kva verv det blir fritak søkt frå. Det må vidare oppgiast årsak for å søkje fritak. Oppgi ønskt dato for fritak i søknaden.
Søknad om fritak av helsegrunnar må vedleggjast legeattest.
Søknad skal sendast til ordførar.
Etikk
Haram kommunestyre skal vere ein trygg møteplass, med god takhøgde, respekt og toleranse. Vi skal møte i god tid, vere høflege med kvarandre og legge opp til debattar som er saklege og faktabaserte, der humor er lov. Vi skal respektere kvarandre si tid, og brukar eit språk alle forstår. Hos oss er det lov å stille spørsmål. Vi er alle gode rollemodellar, der heile kommunestyret, og særskilt ordførar, har eit ansvar for at alle vert ivaretekne.
Registrering av gåver
Tilsette og politikar skal ikkje ta i mot gåver eller personlege fordelar med mindre dette er ei gåve eller fordel av symbolsk verdi (bøker, blomster etc.). Årsaka er at gåver, uansett om ein tek mot med veten eller ikkje, kan skape ein form for lojalitet som kan påverke saksførebuinga, vedtak eller utøving av tenester, eller som kan føre til at nokon oppfattar det slik.
Ved tilbod om gåver og liknande som har eit omfang som går utover dei kommunale retningslinjene, skal gruppeleiar kontaktast. Mottekne gåver skal returnerast avsendar saman med eit brev som gjer greie for kommunen sine reglar om dette.
Habilitet
Som folkevald vil du kunne komme i ein posisjon der det kan stillast spørsmål om du er inhabil til å vere med på å gjere vedtak i ei sak som er til behandling.
At ein er inhabil inneber at det ligg føre omstende som er eigna til å svekkje tilliten til upartiskheita di, og det handlar om kva for ein personlege posisjon ein har i ei sak. Dette kan vere at ein står nær den som er part i ei sak, eller at ein har økonomiske interesser i eit bestemt utfall av ei sak.
Forvaltningslova – Kapittel II – Om ugildhet (habilitetskrav)
I rettleiaren Habilitet i kommunar og fylkeskommunar (PDF, 5 MB) vert det gjort nærare greie for habilitetsreglane i forvaltningslova og kommunelova
Habilitetsreglar
Formålet med habilitetsreglar er å sikre korrekte avgjerder, halde oppe tilliten til dei som tek avgjerdene, og verne dei som tek avgjersler mot at det vert sådd tvil om truverdet deira. Det er ikkje kritikkverdig å vere inhabil, men det kan vere kritikkverdig å ikkje fråtre om ein er inhabil.
Gjer ei vurdering i god tid før møtet
For å sikre ei god vurdering bør du vurdere din eigen habilitet i god tid før møtet
Registrér styreverv
Styrevervregisteret
Folkevalde sin innsynsrett
Kommunestyret og andre folkevalde organ for eit utvida og lovfesta innsyn i kommunale saksdokument. Eit folkevald organ kan berre få innsyn i saksdokument som gjev kunnskap om teiepliktige opplysningar når det er nødvendig for behandlinga av ei konkret sak, og det er heimel for unntak frå teieplikta i forvaltningslova § 13 b første ledd.
Viss eit folkevald organ ønskjer å krevje innsyn i saksdokument som ikkje er teiepliktige, må eit vedtak om å krevje innsyn gjerast med minst tre stemmer eller med fleirtalet av stemmene i organet. Viss eit folkevald organ ønskjer å krevje innsyn i teiepliktige opplysningar, må eit vedtak om å krevje innsyn treffast med fleirtalet av stemmene i organet.
Lovlegkontroll
Tre medlemmer av kommunestyret kan i samsvar med kommunelova sin §27-1 bringe ei kva som helst politisk sak inn for fylkesmannen/ departement til lovlegkontroll. Kravet må setjast fram innan 3 veker etter kommunestyremøtet, jf eiga forskrift.
Lovlegkontrollen skal sjå på om vedtaket som er brakt inn er innhaldsmessig lovleg, er treft av eit organ som har myndigheit til å treffe avgjerda og eller er vorte til på lovleg måte.
Før kravet blir sendt kontrollinstansen, skal organet som gjorde vedtaket behandle kravet på linje med korleis klagesaker blir behandla - det vil seie gjere om eller halde oppe det gjorde vedtaket. Kontrollinstansen kan stadfeste eller oppheve vedtaket.