At ein er inhabil inneber at det ligg føre omstende som er eigna til å svekkje tilliten til upartiskheita di, og det handlar om kva for personleg posisjon ein har i ei sak. Dette kan vere at ein står nær den som er part i ei sak, eller at ein har økonomiske interesser i eit bestemt utfall av ei sak.
Habilitetsreglar
Formålet med habilitetsreglar er å sikre korrekte avgjerder, halde oppe tilliten til dei som tek avgjerdene, og verne verne avgjerdstakarane mot at det sågst tvil om truverdet deira. Det er ikkje kritikkverdig å vere inhabil, men det kan vere kritikkverdig å ikkje fråtre om ein er inhabil.
Gjer ei vurdering i god tid før møtet
For å sikre ei god vurdering bør du vurdere din eigen habilitet i god tid før møtet viss det er mogleg.
Vurdering av automatisk inhabilitet etter forvaltningsloven § 6, 1. ledd
Kva er svaret på desse spørsmåla?
- Er du sjølv part i saka?
- Er du i slekt eller svogerskap med ein part?
- Er du, eller har du vore gift med eller forlova med ein part i saka?
- Er du, eller har du vore fosterforelder eller verje til ein part i saka?
- Er du eller har du leiande stilling eller styreverv for eit selskap/foreining/stiftingar som er part i saka?
Part: Part i saka er du når avgjerda rettar seg mot deg eller saka elles direkte gjeld deg. F.eks dersom du har søkt om noko eller klaga på eit pålegg frå kommunen.
Er svaret ja på eitt eller fleire av spørsmåla? Kontakt politisk sekretariat
Viss du kan svare ja på nokre av desse spørsmåla er du automatisk inhabil og kan ikkje delta i behandlinga av saka. Du må ta kontakt med politisk sekretariat i god tid før møtet, slik at vararepresentant eventuelt kan kallast inn.
Er svaret nei på alle spørsmåla?
Viss du svarer nei på spørsmåla over kan du likevel vere inhabil etter den såkalla "sekkeregelen" i forvaltningsloven § 6, 2. ledd. Då skal ein gjere ei skjønnsmessig vurdering av om det ligg føre "særenge forhold som er eigna til å svekkje tilliten til upartiskheita di".
Vurdering av inhabilitet etter forvaltningsloven § 6, 2. ledd
- Innebærer saka ein særleg fordel eller ulempe for deg eller nokon du har nær personleg tilknyting til?
- Kva slags fordel/ulempe og kor stor er denne?
- Kor sannsynleg er det at denne fordelen/ulempa trer inn?
- Er dette eigna til å svekkje tilliten til at du vil behandle saka objektivt?
Det må vere eit særleg samband mellom den folkevalde og saka, og det må vere noko som skil seg frå det som er typisk for slike relasjonar. Til dømes ein særleg nær vennskap/uvennskap, naboforhold eller konkurranseforhold.
Trur du det kan vere "særeigne forhold" i saka? Kontakt politisk sekretariat
Viss du kjem til at det kan liggje føre "særeigne forhold" for deg i denne saka, må du reise spørsmål om habiliteten din. Dette må du gjere i godt tid før møtet, slik at vararepresentant eventuelt kan kallast inn. Ta kontakt med politisk sekretariat.
Hjelp med vurdering
Viss du ønskjer ei vurdering ber vi deg bruke skjemaet under, for å sikre at vi får all informasjon vi treng for å gjere vurderinga.
Skjema for vurdering av habilitet
Slik blir habilitetsspørsmål behandla i møtet
- Møteleiar tek opp spørsmålet før saka blir behandla.
- Den det gjeld uttaler seg om spørsmålet og fråtrer.
- Varamedlemmen tiltrer.
- Det folkevalde organet avgjer sjølv om medlemmen er inhabil og stemmer over habilitetsspørsmålet.
- Avgjerda blir protokollført.
- Saka blir teken til behandling.
Lover og regler
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Forvaltningsloven §6