Helsestrategien "Innsatstrappa"Den heilskapelege innsatstrappa er strategien for korleis framtidas helsetenester skal sjå ut for alle. Illustrasjon frå Agenda Kaupang Dei lågaste trinna gjeld tenester til alle innbyggarar utan vedtak, dei neste gjeld vedtaksbaserte tenester som til dømes gruppetilbod eller heimebaserte tenester. Dei øvste trinna i trappa er institusjonsbaserte tenester.
Trinn 1: Attraktive og aktive lokalsamfunn Alle som bur i Haram er aktive og engasjerte i eige lokalsamfunn. Her er det tenestane og møteplassane som gir tilhøyrsel, mangfald og trivsel.
Trinn 2: Helsefremjande og førebyggande aktivitet Innbyggarane i Haram skal vere aktive og gjere sunne val for si eiga helse.
Trinn 3: Tidleg innsats/Førebyggende lågterskeltilbod Vi tek aktive grep for å meistre livet og daglege aktivitetar. Det gjer vi også når livssituasjonen endrar seg og livet byr på ekstra utfordringar for ...
Trinn 4: Meiningsfull og inkluderande kvardag Vi opplever god livskvalitet når vi kan bidra med våre evner og ressursar i kvardagen, arbeidslivet, barnehagen, på skulen eller i aktivitetar.
Trinn 5: Kommunalt disponerte bustadar Alle treng ein trygg heim. Dei som ikkje mestrar å skaffe seg eigen bustad, kan søkje om nødvendig støtte og rettleiing.
Trinn 6: Leve godt i eigen heim Innbyggarane i Haram skal leve godt i eigen heim. Mange vil i periodar av livet trenge praktisk støtte og rettleiing i heimen for å kunne oppretthald...
Trinn 7: Helsehjelp til heimebuande Dei som har forbigåande eller konstante helseutfordringar, oppnår raskare rehabilitering/habilitering når det skjer heime og vert tilpassa kvardagen f...
Trinn 8: Bustadar med fellesfunksjonar Innbyggarane i Haram har tilgang til ulike buformer, tilpassa eigne behov.
Trinn 9: Tidsavgrensa opphald Har du i periodar omfattande behov for helse- og omsorgstenester, får du tidsavgrensa opphald i institusjon.
Trinn 10: Samlokaliserte bustader med personalbase Innbyggarar som har vedvarande behov for døgntenester, får tilgang til tilrettelagt bustad der det er individuelt tilpassa tilgang på tenester med spe...
Trinn 11: Institusjon Innbyggjarar med omfattande helse- og omsorgsbehov får heildøgns omsorg, når hjelpetiltak på lågare trinn ikkje lenger gjer dei i stand til å bu trygt ...
Trinn 12: Bustad og institusjon – spesialiserte plassar Har du ulike utfordringar får du tilgang til spesialiserte butilbod.