Trinn 10: Samlokaliserte bustader med personalbase
Innbyggarar som har vedvarande behov for døgntenester, får tilgang til tilrettelagt bustad der det er individuelt tilpassa tilgang på tenester med spesialisert fagkompetanse.
Buforma gjer det mogleg å leve eit sjølvstendig liv i eigen heim – og samtidig oppleve tryggheit og god livskvalitet.
Haram kommune tilbyr samlokaliserte bustader med fellesareal og areal for personalbase som:
- Støttar opp under den enkelte si evne til meistring og sjølvstendigheit
- Stimulerer til god helse, sosiale fellesskap og livskvalitet
- Gir tilgjengelege og oppsøkande tenester der innbyggaren bor
- Sikrar rett og spesialisert kompetanse ut frå funksjonsnivå og behov
- Mogleggjer ein sjølvstendig kvardag utanfor foreldreheimen for unge innbyggarar med funksjonsnedsettingar når dei er klare for det
- Gir tryggheit for framtida for foreldre til barn med funksjonsnedsettingar
Bustad, bufellesskap og bukollektiv til personar med
- samansette behov/utfordringar
- demenssjukdom
- utviklingshemming og nedsett funksjonsevne
- rus og samtidig psykiske utfordringar
- rehabiliteringsbehov rus
- psykiske lidingar – bustader
Digitale løysingar
- Tryggleiks- og varslingsanlegg
- Velferdsteknologi tilpassa behova til tenestemottakar
Sist endra 15.03.2024 09.19