Trinn 1: Attraktive og aktive lokalsamfunn
Alle som bur i Haram er aktive og engasjerte i eige lokalsamfunn. Her er det tenestane og møteplassane som gir tilhøyrsel, mangfald og trivsel.
Haram kommune legger til rette for:
- Involvering av innbyggarane for å skape inkluderande lokalsamfunn.
- Planlegging for generasjonsvenlege lokalsamfunn med universell utforming, god mobilitet og transport, «grøne lunger», offentlege rom og møteplassar for fellesskap, rekreasjon og sosial bærekraft.
- Initiativ til samarbeid mellom offentleg sektor, frivillig sektor, næringsliv, høgskule og universitet.
- Gode vilkår for frivillig sektor som legg til rette og motiverer til sjølvstendig aktivitet, deltaking og engasjement.
- Å opne kommunen sine bygg for bruk utanom ordinær opningstid.
- At vi saman med frivillige organisasjonar skaper arenaer for læring, nærdemokrati og inkluderande møteplassar der både barn og vaksne bidreg til trygge og inkluderande fellesskap i nærmiljøet.
- Forankrar inkludering og medverknad i kommunen sine planar.
Møteplassar og aktivitetar
Planlegging av aktive lokalsamfunn
- Universell utforming, tilrettelegging
- Transport
- Arealplanlegging
- Medverknad (handbok for innbyggarinvolvering)
- Folkehelsestrategi
- Aldersvenleg samfunn
Samarbeid med andre
- Idrettslag og fysisk aktivitet
- Folkehelsearbeid
- Kulturaktivitetar, t.d. korps, musikk, sang og teater
- Velforeiningar, venneforeiningar, pårørande- og interesseforeiningar
- Frivilligsentral
- Festivalar og arrangementet
Digitale løysingar
Sist endra 18.12.2024 10.09