Generelt om Camp Nordøyane

Med Camp Nordøyane har Haram kommune som mål å førebygge utanforskap og fråvær frå skulen. 
Satsinga gjeld for alle elevane i dei kommunale skulane i Haram, og blir drifta av Haramsøy skule. 

Det er fire ulike delar av Camp Nordøyane:

  • CN Leirskule 
  • Camp 8  
  • Camp Klar 
  • Camp Inspirasjon 

For heile konseptet Camp Nordøyane er Haramsøy skule sitt motto “Sett og verdsett” og MOT sine verdiar grunnlaget for all samhandling.

CN Leirskule og Camp 8 er førebyggande tiltak for alle elevane når dei går i 7. og 8. klasse. Gjennom lagbyggande, aktiv læring bygg ein både godt klassemiljø og det overordna kommunelaget. 
Dette føregår på Nordøyane i Haram, der elevane får prøve ut og bli kjent med lokal kystkultur. 

Camp Klar er tilrettelagde tiltak for einskildelevar, for å auke grad av nærvær på skulen. Slik hjelp gir Camp Klar i tett samarbeid med heimen, nærskulen og andre aktuelle.

Camp Inspirasjon er ulike former for verdibaserte motivasjonskurs for både Unge MOTivatorar og lærarar frå inn- og utland (Erasmus+). 

Logoen til Camp Nordøyane, som viser ein seglbåt. Synne Kjerstad har designa logoen. - Klikk for stort bilete