Camp Klar

Camp Nordøyane driftar opplæringstilbodet Camp Klar.

Dette er skreddarsydde tiltak for å hjelpe elevar som har høgt skulefråvær, eller som ein ser står i fare for å få det. 

Kommunen sitt nærværsteam tilrår kven som er aktuelle for dette tilbodet.

Camp Klar støttar elevar frå heile kommunen. Tiltaka kan gå føre seg på ulike stadar, alt etter kva som er mogleg å få til. 

Alt føregår i tett samarbeid med eleven, heimen, nærskulen og ulike kommunale instansar. Ein samarbeider også med ulike lokale ressursar i Haram.

Støtta til eleven kan vere ulike praktiske tiltak knytt til eleven sine interesser. Det kan også vere meir teoretisk tilnærming knytt til skulefag, eller skuletrening saman med elevgrupper eller klassar. 

Positiv endring føreset tolmod og tilpassing undervegs, og tillit mellom eleven og dei som på ulike måtar støttar utviklinga.

 

Viktige stikkord i arbeidet til Camp Klar:

  • relasjonsbygging 
  • meistringsopplevingar 
  • styrking av sjølvkjensle
  • sosial samhandling 
  • gradvis auke toleransevindauget for fagleg eksponering 
  • førebuing til VGS 
  • yrkesrettleiing 

 

kveite - Klikk for stort bilete
Glas med mold og plantevekstar - Klikk for stort bilete
Visualisering av kjemisk formel i plast - Klikk for stort bilete
Ei eigna line i ei bøtte - Klikk for stort bilete
grilling av kotelettar i ei grillhytte - Klikk for stort bilete
kunstprosjekt av materiale frå naturen - Klikk for stort bilete
mating av sauar - Klikk for stort bilete
Logoen til camp nordøyane, som viser ein seglbåt - Klikk for stort bilete