Camp 8

Camp 8 er ein to-dagars lagbyggarcamp for nye 8. klassar i kommunen, arrangert i september.

Elevane er då saman med kontaktlæraren sin og andre vaksne rundt det nye laget. 

Camp Nordøyane fasiliterer opplegget, med fokus på å bli kjende med kvarandre utanfor klasserommet. 

Stikkord her er 

  • lagbygging
  • turar 
  • utandørsaktivitetar 
  • matlaging 
  • fokus på MOT sine verdiar

MOT-coach på eigen skule er med på dag 2 og har MOT-økta «Klassen som lag» saman med klassen.

 

Mål for Camp 8- God start

  • Gi klassemiljøet ein kick-start på 8. klasse
  • Bygge laget
  • Gi kontaktlærar og teamet rundt klassen ein arena for god relasjonsbygging

 

Ungdommar som forflyttar seg frå planke til planke - Klikk for stort bilete
Ungdommar står rundt eit bord og held på med ein aktivitet i lag. - Klikk for stort bilete
Ungdommar med aktivitet i sirkel på stranda - Klikk for stort bilete
Rønstadhellaren - Klikk for stort bilete
Logoen til camp nordøyane, som viser ein seglbåt - Klikk for stort bilete