Viktig informasjon om fjernavleste vassmålarar

Mange abonnentar i Haram har nyleg fått eit reklameskriv i postkassa frå ei lokal røyrleggarverksemd, som gjeld tilbod om montering av vassmålar. Vi presiserer at kommunen ikkje er involvert i denne marknadsføringa, sjølv om det i overskrifta på skrivet kan oppfattast slik.

Fjermavlest vassmålar - Klikk for stort bilete

Kvar finn du rett informasjon?

Oppdatert og korrekt informasjon om vassmålarar i Haram kommune finn du her på nettsida vår. I denne artikkelen kan du lese om kva ein fjernavlest vassmålar er, korleis den fungerer, og få svar på ofte stilte spørsmål:

Gå til Haram kommune sin informasjon om fjernavleste vassmålarar
 

Kommunen dekker vassmålarbytte i visse tilfelle

Det er riktig at kommunen har innført fjernavleste vassmålarar, og at dei som framleis har mekaniske målarar skal byte desse. Det som ikkje kjem fram i reklameskrivet, er at kommunen dekker kostnaden for vassmålarbytte dersom du har fått installert eller skifta målar i perioden 1. januar 2020 til 1. juni 2025.

Du treng ikkje kontakte røyrleggar sjølv. Kommunen vil sende deg brev eller SMS med tidspunkt for bytte, og arbeidet blir utført av ein røyrleggar kommunen har avtale med. Dersom du likevel ønsker å bruke ein annan røyrleggar, må du sjølv dekke kostnaden.

Dersom det blir avdekt at vassinntaket ditt ikkje tilfredsstiller krava kommunen stiller til vassinntak, må arbeidet for oppgradering dekkast av deg som abonnent.

For dei som har eldre målarar

Abonnentar som har installert vassmålar før 1. januar 2020, må sjølv bestille og betale for røyrleggartenester. Det står deg fritt å velje kva røyrleggarverksemd du vil bruke – også den som har sendt ut reklameskrivet. Kommunen har ikkje heimel til å stoppe målretta reklame, men vi oppmodar alle til å hente inn fleire pristilbod for å sikre ein god pris.

Dersom du har spørsmål eller er usikker på kva som gjeld for deg, ber vi deg ta kontakt med kommunen. Vi hjelper deg gjerne!

Innbyggarservice
E-post
Telefon 70 20 75 00

Telefontid er måndag-fredag kl 09.00-14.30