Informasjon om overgang til fjernavleste vassmålarar

Haram kommune skal frå 1. juni 2025 gå over frå mekaniske til fjernavleste vassmålarar. Her finn du informasjon om kven som må skifte vassmålar, korleis dette skal gjerast og korleis dei nye vassmålarane fungerer.

I sak 093/24 vedtok Haram kommunestyre å innføre krav om fjernavleste vassmålarar. Kravet vil gjelde frå 1. juni 2025.

Det betyr at alle som er tilknytt det kommunale leidningsnettet og i dag har mekanisk vassmålar, skal skifte ut denne til fjernavlest vassmålar utlevert av kommunen.

Alle som får pålegg om å byte vassmålar vil få informasjon om dette, via brev frå Haram kommune.

Korleis få installert ny vassmålar?

For å få skifta vassmålaren din må du kontakte ein godkjend røyrleggar. Røyrleggaren søker til kommunen om montering, monterer vassmålaren og ferdigmelder den via entreprenørportalen. 

Praktisk informasjon om utlevering av vassmålarar

Røyrleggar hentar riktig vassmålar på Haram tenestehus v/ innbyggarservice. Huseigar kan også gjere avtale med røyrleggar om å hente vassmålaren. For å få vassmålaren utlevert må godkjenningsbrevet for søknaden visast fram. Brevet kan visast fram fysisk eller via mobil/nettbrett. 

Opningstidene til innbyggarservice er måndag til fredag klokka 09.00-14. 30.

Pris

Pris for installering av vassmålar vil variere etter alder på vassinntaket ditt, og korleis det er utforma. Det er kun godkjende røyrleggarar som kan gjere inngrep i sanitæranlegget ditt. Ta difor kontakt med røyrleggar for pristilbod. 

Kommunen kan ikkje gi deg råd om kva røyrleggar du bør eller skal velje. Vi anbefalar at du forhøyrer deg med andre, eller undersøker på internett. 

MERK

Dersom du i tidsrommet 1. januar 2020 og fram til 1. juni 2025 har skifta eller montert vassmålar, vil kommunen koste vassmålarbytte. Det betyr at du ikkje skal kontakte røyrleggar for å bytte frå mekanisk til fjernavlest vassmålar. 

Du vil anten få brev eller SMS frå kommunen med tidspunkt for vassmålarbytte, og røyrleggar som kommunen har avtale med utfører arbeidet. Dersom du ønsker å nytte anna røyrleggar, må du koste vassmålarbyttet sjølv. Dersom det blir avdekt at vassinntaket ditt ikkje tilfredsstiller krava kommunen stiller til vassinntak, må arbeidet for oppgradering dekkast av deg som abonnent. 

Abonnenten leiger vassmålaren av kommunen

Kommunen eig den fjernavleste vassmålaren. Vassmålarleiga abonnenten betaler skal dekke innkjøp av vassmålaren, utskifting og lisensar knytt til sending av vassmålardata over ei levetid på 15 år. Leiga vert justert årleg etter dei faktiske kostnadane kommunen har i samband med målaren. Vassmålarleiga er ein del av sjølvkost, og kommunen skal ikkje tene pengar på denne leiga. 

Teknisk informasjon om fjernavleste vassmålarar