Redusert meirverdiavgift på vatn og avløp frå 1. juli 2025

I samband med behandling av statsbudsjettet for 2025, har stortinget vedteke at meirverdiavgifta skal reduserast frå 25 til 15 prosent. Endringa trer i kraft frå 1. juli 2025.

Dette betyr at dei som betalar for vatn, avløp og slamtømming får ein reduksjon i fakturaen for kommunale gebyr. 

Kor stor reduksjon kvar enkelt abonnent får vil variere etter gebyrgrunnlaget. Faktorar som påverkar gebyrgrunnlaget ditt er til dømes størrelse på bustaden din, om du har vassmålar og om du har tømming av septiktank.

Du vil sjå endringa på faktura for 3. termin, denne vert sendt ut i løpet av veke 34. 

Her finn du meir informasjon om faktura for kommunale gebyr