Denne gjengen er nokre av dei frå administrasjonen som deltek på dialomøtet: fv Ingvild Haram (frivilligkoordinator), Petter Sortevik (stabssjef), Elin-Katrin Vegsund (kommunalsjef Helse og omsorg), Anders Hammer (kommunedirektør), Lill-Therese Eidsvik (kommunalsjef Barnehage og skule), Kristin Fjeld-Eiken (kommunalsjef Eigedom og teknisk), Maren Fjørtoft Bringsvor (samfunnsplanleggar) og Nina Nordang (gruppeleiar Innbyggarservice)
Haram kommune
I Haram har vi mange flotte frivillige lag og organisasjonar, som i kvardagen gjer ein uvurdeleg jobb for innbyggarane i kommunen vår. No vil vi gjerne samle desse aktørane til eit møte, der frivilligheita og kommunen i fellesskap kan diskutere korleis vi kan arbeide saman for at Haram skal vere ein god kommune å bu i.

Når og kvar?
Tid: Måndag 6. mai kl 18-20.30
Stad: Norborg fleirbrukshall, Søvik
Agenda
Det er planlagt følgande program for møtet:
- Innlegg v/ordførar, kommunedirektør og kommunalsjefar
- Kort presentasjon av kommunen si nettside
- Presentasjon av aktivitetskalenderen Friskus
- Orientering rundt kommuneplanen sin samfunnsdel
- Informasjon om Haramsbiblioteka
- Workshop: Korleis kan kommune og frivilligheit samhandle?
Påmelding
For å ha ei viss oversikt over kven og kor mange som kjem, ønsker vi påmelding til møtet via digitalt skjema.
Meld deg gjerne på så snart som råd, og helst innan den 3. mai.
Meld deg på til dialogmøtet her
Vi håpar å treffe og bli kjend med deg og laget eller organisasjonen du er engasjert i, velkomen skal du vere!