Friskus

Friskus er ein felles kalender og informasjonskanal for aktivitetar og frivillig innsats. 

Denne digitale aktivitetskalenderen gir deg som innbyggar høve til å finne spennande arrangement og frivillige oppdrag nært der du bur. Den er gratis og kan brukast av alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen. 

Friskus kan også brukast for å rekruttere frivillige og for deg som ønsker å vere frivillig. Du vel sjølv om du vil melde deg på eller berre få informasjon om når og kvar ting skjer.

Bruk Friskus du også!

Dess fleire som brukar Friskus, dess betre kan Friskus fungere både som ein oppdatert informasjonskanal og som ei felles oppslagstavle:

  • finn lag og organisasjonar med oppdatert kontaktinfo (arrangørar)
  • sjå kva som går føre seg til kva tid (aktivitet)
  • finn eller meld inn frivillige oppdrag

Alle har tilgang til Friskus aktivitetskalender 

Dei som vil melde seg på aktivitetar som krev påmelding, bli medlem eller administrator for ein organisasjon som har arrangørside i Friskus, må opprette ein personleg brukarkonto i Friskus. 

Slik opprettar du eigen profil

  • Trykk på «Ny bruker» oppe til høgre og legg inn mobilnummeret ditt og «registrer». 
  • Så fyller du ut dine opplysningar og du er i gong!

Slik får du arrangørside for lag og organisasjon

  • Trykk på «Bli arrangør» i menylinja oppe til venstre på sida.
  •  Fyll ut opplysningar om laget/organisasjonen og du er i gong!

 

Sjå tips og hjelp (Friskus.com)