Kunngjering av detaljplan Fv. 659 - Brattvåg ferjekai og oppstillingsområde gbnr. 328/432 m.fl

Kommunestyret vedtok den 19.03.2026 i sak 013/26, med heimel i plan- og bygningslova § 12-12, detaljplan for Fv. 659 - Brattvåg ferjekai og oppstillingsområde gbnr. 328/432 mfl.

Formålet med planen er å legge til rette for bygging av ny ferjekai, oppstillingsområde for bilar, kollektivpunkt og annan infrastruktur i tilknyting til ferjekaia. Reguleringsplanen fastsett kva arealet kan nyttast til og er bindande for alle nye tiltak innanfor planområdet. 

Dokument i saka

Her kan du sjå dokument i saka

Plankart med påført vedtak og vedtaksdato (PDF, 2 MB)

Føresegner med påført vedtak og vedtaksdato (PDF, 118 kB)

Klage

Vedtak om eigengodkjenning er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. pbl. § 1-9. Eventuell klage skal sendast skriftleg til Haram kommune. Klagefristen er 16.04.2026.

Eventuell klage skal sendast skriftleg til Haram kommune på ein av følgande måtar:

Krav om innløysing eller erstatning etter pbl. §§ 15-2 og 15-3, må vere lagt fram for kommunen seinast tre år etter denne kunngjeringa.