- Før du arbeider eller grev i offentleg grunn må du ha løyve.
- Du må sende inn ei gravemelding for å sikre at straumkablar, telekablar, vass- og avløpsleidningar ikkje blir øydelagde.
- Arbeidsvarslingsplan skal følge med alle søknader om graveløyve i offentleg grunn.
Søk om løyve før du grev i offentleg areal
Alt arbeid i den kommunale vegen skal søkjast om, dette gjeld også areal som offentlege fortau, gang- og sykkelvegar, kaier, torg og plassar. I tillegg er det noko som heiter tryggingssona til vegen. Dette gjeld om ein arbeider på privat område, men så nær vegen at det anten påverkar vegen eller trafikken, eller at det kan vere farleg for trafikantar eller arbeidarar.
Typiske aktivitetar som er søknadspliktige er:
- Etablere leidningsanlegg av alle slag (til dømes fiber, elektriske kablar og vass- og avløpsleidningar).
- Grave eller fjerne massar nærare enn 3 meter frå kommunalt vegområde.
- Deponere massar på offentleg vegområde (tømmer, jord- og steinmassar, byggemateriale osb.).
- Grave, sprenge, ta bort massar, hogge tre eller utføre anna arbeid i kommunal veg eller grunn.
- Sette opp stillas, konteinar eller kran, vask av vindauge, riggområde, arrangement eller tilstellingar på offentleg veggrunn.
Dette må du huske på
1. Før arbeid
- Skal du arbeide i nærleiken av tre?
Når det skal gravast eller arbeidast nær tre skal det takast omsyn til røter, stamme og trekrone. Vi vil unngå å svekke livslengda på trea, skape risikotre eller gjere dei sårbare for sjukdom og skadedyr.
Alt gravearbeid skal skje utanfor trekronene si ytre avgrensing (dryppsona), og minst 5 meter frå stammen. Avhengig av topografi og opne plenareal med tre kan kravet om avstand vere større. Graving innanfor ei 20 meters omsynssone skal utførast i samråd med forvaltningseininga. Gravearbeid under trekrona skal utførast med luftspade, eller andre metoder etter avtale. Det kan krevast oppsyn av arborist ved graving under eller rundt trekrona.
- Kan grunnen være forureina?
Tiltakshaver pliktar å undersøke og vurdere om det er forureina grunn i området. Dersom grunnen er forureina skal tiltakshaver utarbeide ein tiltaksplan som skal godkjennast av kommunen før tiltaket kan gjennomførast.
- Unngå spreiing av uønska framande plantearter
Når det blir grave og jordmassar blir flytta, må ein passe på at ein ikkje spreier uønska, framande planteartar.
Jordmassar og plantedeler infisert med framande artar skal handterast på ein forsvarleg måte i samsvar med § 28 Aktsemdsplikta i Naturmangfaldlova og Forskrift om framande organismer.
- Skal du grave i, eller i nærleiken av, fylkesveg?
Fylkeskommunen handterer søknader om graving og nærføring til fylkesvegane. Søknad om arbeidsvarsling på fylkesvegane er det Statens vegvesen som handterer, men eit løyve frå fylkeskommunen på graving eller nærføring må leggast ved søknaden.
- Korleis få oversikt over eventuelle leidningar i ditt graveområde?
Nokre leidningseigarar er tilslutta den kommunale gravemeldingstenesta, og nokre får denne tenesta levert av kommersielle aktørar. Fleire kabaletatar er tilslutta Geomatikk si løysing. Andre leidningseigarar må kontaktast direkte for informasjon om leidningstrase.
- Skal du grave i privat område som ikkje er nærare den kommunale vegen enn 3 meter?
Sjølv om du berre skal grave i din egen hage er det lurt å søke om gravemelding. Det kan gi alvorlege konsekvensar for liv og helse å grave over enkelte leidningar. Skader på leidningsnett kan føre til erstatningskrav.
2. Etter arbeid
Etter fullført arbeid må du sende inn loggbok for arbeidsvarsling og ferdigmelding. Her skal det også leggast ved bilde som viser situasjonen for graveområdet før og etter graving og leidningsarbeid.
Gå til loggbok for arbeidsvarsling (DOCX, 28 kB)
Gå til skjema for ferdigmelding (DOCX, 39 kB)
Korleis søke?
Skjema for søknad om graveløyve/arbeidsløyve må fyllast ut og sendast på e-post til postmottak@haram.kommune.no
Vedlegg til søknaden: Kartutsnitt og forslag til varslingsplan/skilting i tilknyting til gravearbeidet.
Pris
Sjå pris for grave- og arbeidsløyve
Saksbehandling
Fleire etatar skal gi tilbakemelding før gravemeldinga/-løyvet blir godkjent. Behandlingstid er gitt av forvaltningslova.
Lovgrunnlag
Varsling av arbeid i eller ved kommunal vei
Arbeid i kommunal vei