Har du køyrt på eit dyr?

Om du har køyrt på eit dyr eller finn eit skada dyr i vegbanen, må du melde frå.

Etter vegtrafikklova § 12, er ein pliktig å melde frå om vilt-påkøyrslar. Det er ikkje straffbart å køyre på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melde frå. Dette gjeld for alle dyr, både små og store. Varslingsplikta gjeld uavhengig av om du er med eller utan skuld i hendinga.

Varslingsplikta hjelper også dersom ein tilfeldigvis finn eller oppdagar openbert sjuke, skadde eller hjelpelause dyr.

Kva gjer du ved påkøyrsel av dyr?

Når uhellet er ute er det viktig å merke staden der samanstøyten skjedde godt. I tillegg må ein informere styresmaktene om kvar dyret vart påkøyrt.

  • Set på nødblink, ta på refleksvest og sikre staden med varseltrekant.
  • Skaff oversikt over eventuelle skadde personar, og gi førstehjelp.
  • Ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  • Finn ut
    • om dyret framleis er der
    • kva slags dyr du har køyrt på
    • kva slags tilstand dyret er i
  • Meld frå om hendinga til politiet, på telefon 02800.
  • Hjelp dyret, om det framleis er der. Om det har stukke av må du merke staden for påkøyrselen, til dømes med ein refleksvest eller ein plastpose.
  • Oppgi gjerne koordinatar til politiet, som du finn i kart på mobiltelefonen. Politiet varslar vidare til viltnemda og andre aktørar.

Viltforvaltning i Haram

Dersom påkøyrselen har skjedd i Haram kommune vil politiet ta kontakt med eittersøksjeger eller fallviltansvarleg i kommunen, avhengig av om dyret har stukke av eller ligg dødt/skadde på staden.

Hjelp skada dyr

Ser du eit dyr som openbert er sjukt, skadd eller hjelpelaust skal du melde fra til fallvilttenesten på tlf. 959 39 259

Har dyret stukket av kan du melde frå til politiet, som varslar vidare. Ved storvilt (elg, hjort, rådyr) sender politiet ut offentleg (kommunal) eittersøksjeger. Ved dyr frå dyrehald skal Mattilsynet kontaktast.

Viltforvaltninga i kommunen har ansvar for handtering av skadd vilt f. eks trafikkskadd vilt og ved andre årsaker innanfor kommunegrensene. Ordninga gjeld i hovudsak større vilt som hjort, rådyr og elg. Mattilsynet har ansvar etter dyrevelferdslova §4

Avlive eller ikkje avlive dyret

Om det påkøyrde dyret er skadd, har du plikt til å hjelpe det så langt du har moglegheit. Dette følgjer av dyrevelferdslova § 4.

Lova opnar for at ein kan avlive fuglar og mindre dyr sjølv, men berre dersom det er openbert at dyret ikkje kan leve eller bli friskt. Du skal uansett avklare avliving med politi eller anna kompetent personell først.

Det er ulovleg å avlive storvilt eller dyr frå dyrehald sjølv, dersom det lèt seg gjere å få tak i eigaren, veterinær eller politiet/anna kompetent personell innan rimeleg tid.

Det er potensielt veldig farleg å avlive storvilt på eigenhand. Du skal heller aldri følgje etter eit skadd dyr sjølv, då det både er risikofylt og vanskeleggjer arbeidet til eittersøkshunden.

Det er ikkje lov å ta med påkøyrde dyr heim.

Kan du køyre vidare?

Som hovudregel skal ein bli verande på staden til kunnig personell kjem. Dette er både for å sikre at du som bilist får oppfølging etter det som kan ha vore ei dramatisk oppleving, og for å overlevere informasjon til viltnemnda.

Ved mindre alvorlege ulykker kan det givast løyve til å køyre vidare etter at ulykkesstaden er tydeleg merka. 

Dette avklarer du med politiet.

Forsikring

Om du har kasko på bilen og har fått skade på den i samanstøytar med storvilt, får du dekt reparasjon utan eigendel. Føresetnaden er at du har varsla politiet om påkøyrselen. Viltforvaltninga vil stadfeste for forsikringsselskapet at påkøyrselen har funne stad.

Kontakt

Nordre Sunnmøre landbrukskontor 
Fallviltansvarleg: tlf. 959 39 259
Vakttelefonen for viltettersøk: tlf. 40 91 39 78