Vassmålar

Med vassmålar betaler du berre for det faktiske bruket ditt av vass- og avløp. Her får du vite korleis du får deg vassmålar, korleis lese av og prisar. 

Dersom du ikkje har vassmålar, betaler du for eit forbruk som vi stipulerer ut frå bruksarealet på bustaden din. Då blir det ikkje teke omsyn til kor mange personar som bur der eller kor høgt det verkelege forbruket av vatn er.

Kven må ha vassmålar?

Haram kommunestyre har vedtatt at følgande eigedomar skal ha vassmålar:

  • Næringseigedomar, medrekna bygg for offentlege føremål
  • Eigedomar med symjebasseng
  • Kombinasjonseigedomar
  • Eigedomar som i dag har vassmålar
  • Nye eigedomar som skal knytast til kommunalt vatn
  • Eigedomar tilknytt kommunalt vatn som gjer søknadspliktige endringar i innvendig røranlegg

Installere vassmålar

For å få installert vassmålar må kontakte godkjend røyrleggar. Røyrleggar søker til kommunen om montering, monterer vassmålaren og ferdigmelder den via entreprenørportalen. 

Pris for installering av vassmålar vil variere ut frå korleis vassinntaket ditt er utforma/alder. Det er kun godkjende røyrleggarar som kan gjer inngrep i sanitæranlegget ditt. Ta difor kontakt med røyrleggar for pristilbod. Kommunen kan ikkje gi deg råd om kva røyrleggar du bør eller skal velje. Vi tilrår at du forhøyrer deg med andre, eller undersøker på internett. 

Overgang til fjernavleste vassmålarar

Haram kommune har vedtatt å gå over til fjernavleste vassmålarar. Dei som i dag har mekanisk vassmålar skal skifte denne til fjernavlest vassmålar utlevert av kommunen.

MERK

Dersom du i tidsrommet 1. januar 2020 og fram til 1. juni 2025 har skifta eller montert vassmålar, vil kommunen koste vassmålarbytte. Det betyr at du ikkje skal kontakte røyrleggar for å bytte frå mekanisk til fjernavlest vassmålar. 

Du vil anten få brev eller SMS frå kommunen med tidspunkt for vassmålarbytte, og røyrleggar som kommunen har avtale med utfører arbeidet. Dersom du ønsker å nytte anna røyrleggar, må du koste vassmålarbyttet sjølv. Dersom det blir avdekt at vassinntaket ditt ikkje tilfredsstiller krava kommunen stiller til vassinntak, må arbeidet for oppgradering dekkast av deg som abonnent. 

Her finn du informasjon om fjernavleste vassmålarar

Norm for vassmålar og vassinntak

Norm for vassmålar og vassinntak vart revidert i 2025, og vedtatt av Haram kommunestyre 8.5. 2025, sak 024/25. Gjeldande revisjon er 2025.1 – 11.04.2025.

Her kan du lese norm for vassmålar og vassinntak (PDF, 517 kB)

Avlesing av mekanisk vassmålar

Vi sender ut påminning om avlesing av mekanisk vassmålar kvart år. 

I 2025 blir det sendt ut SMS 9. desember med frist for å lese av fram til 16. desember.

I 2025 har vi nytt system som gjer at du berre skal svare på SMS-en. Avsendar er eit nummer med 14 tal som er unikt for deg (startar med 2730), slik at avlesing og svar vert registrert på rett målar. Det gjer også at du ikkje kan vidaresende SMS-en.

Slik melder du inn målarstand via SMS

  • Du svarer på SMS-en om vassmålaravlesing på same måte som du svarer på andre SMS-ar du får.  (Du skal ikkje klikke på noko lenke slik det var tidlegare.)
  • Du svarer med målerstand, talet som står på målaren, kun talet og utan tala bak komma
  • Du får tilbakemelding i ein ny SMS når avlesinga er registrert.
  • Har du registrert feil målarstand, kan du sende inn på nytt, og det er då siste innsende sms og målarstand som gjeld. 


Har du fleire vassmålarar, får du ein SMS per vassmålar. Det er viktig at du svarer på rett sms med rett avlesing for rett vassmålar.  Du kan ikkje svare for fleire vassmålarar på den same SMS-en. 

Kva skjer om eg ikkje får SMS?

Vi får melding dersom SMS-en ikkje er opna eller har kome fram i løpet av 48 timar. Då får du brev gjennom Digipost eller Altinn.

Du kan både melde inn målarstand og gi beskjed om at du neste gong vil melde om målarstand på SMS på

 

Får du avlesingskort i posten? 

  1. Sjekk først at det er rett vassmålar, før du går i gang med registreringa.
  2. Les av målarstanden på målaren, 5 siffer. Ikkje ta med raude tal og tal etter komma.
  3. Fyll ut felta for dato og målarstand, signer kortet og send det tilbake til oss. Du skal bruke adressa som står på avlesningskortet.

Kontakt innbyggarservice ved spørsmål

Prisar

Sjå betalingssatsane for vatn og avløp.