Meiner du at Skatteetaten sin bustadverdi (formuesgrunnlaget) er feil, må du kontrollere opplysingane Skatteetaten har om bustaden din: Primærareal (P-ROM), byggjeår, og bustadtype. Desse faktaopplysingane finn du under "Grunnlag for likningsverdi" i skattemeldinga. Husk å legge saman bustadsverdiane dersom det er fleire som eig bustaden saman.
Du kan eventuelt korrigere informasjonen sjølv i skattemeldinga. Endringar av slike faktaopplysningar vil normalt sett først få innverknad på eigedomsskatten året etter.
Les meir om dette på Skatteetaten sine nettsider.
Dersom du finn grunnlag for endring, og Skatteetaten endrar bustadverdien din, må du sjølv ta kontakt med oss i etterkant. Dette slik at vi får registrert endringane i systemet vårt.