Ungdomsråd

Ungdomsrådet er eit rådgivande organ for kommunen. Det skal få alle saker som gjeld levekår for ungdom, til behandling. 

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for rådet.

Innbyggarane sin medverknad i kommunale prosessar der ein skal ta ei avgjerd, er ein viktig del av eit levande lokaldemokrati. Ungdom er ofte underrepresentert i folkevalde organ. Det er nødvendig at ungdom får uttale seg for å sikre at ein er klar over dei konsekvensane vedtaket får for dei gruppene som det gjeld.

Lovfesta ordningar for medverknad skal sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom og bidreg til at sakene vert betre opplyste.

Ungdomsrådet skal ha 9 medlemmar og 11 varamedlemmar. Ungdomsrådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem dei unge.  Valperioden for ungdomsrådet er to år.

Sjå Bufdir sin rettleiar for ungdomsråd

Kontakt ungdomsrådet

I lenka under kan sjå møteplan og medlemmer i ungdomsrådet i Haram kommune.
Sjå møteplan og medlemmer i ungdomsrådet

Førebels ligg det ikkje kontaktinformasjon til medlemmene i oversikta. Fram til denne er på plass kan du kontakte koordinator for ungdområdet, Ingvild Haram, på epost:

ingvild.haram@haram.kommune.no