Haram kommune skal sikre innbyggarane sine forsvarlege og gode helse- og omsorgstenester gjennom heile livsløpet. Plan for legetenesta er ein del av dette arbeidet. Den skildrar status for 2024, og peikar framover med løysningar på utfordringane vi står overfor.
Mål og strategiar
Basert på status, føringar og framoverblikk er det utarbeida ei overordna målsetting og sju mål for planperioden. Måla er knytt til mål i kommuneplanen sin samfunnsdel som seier at Haram kommune skal ha gode og likeverdige helsetenester for innbyggjarane. Måla i legeplan kan og knyttast til mål om at folk i Haram skal oppleve god livskvalitet. Det handlar både om at god helsehjelp er viktig for å oppretthalde god livskvalitet, og at det er positivt for folk sin livskvalitet å vere trygg på at hjelpa er der om ein treng den, både for seg sjølv og for andre.
Overordna målsetting for legeplanen er at vi skal ha
Ei framtidsretta, likeverdig og fagleg sterk legeteneste i Haram.
Les legeplan for Haram kommune 2025-2030