Folkehelseoversikt

Folkehelseoversikt for Haram kommune, vedtatt i Haram kommunestyre

Innbyggjarane si helse og trivsel er Haram kommune sin viktigaste ressurs. Arbeidet for eit helsefremmande samfunn og god livskvalitet i befolkninga er lovfesta og sentralt med tanke på berekraftig utvikling. Samstundes har arbeidet eigenverdi – innbyggjarane i Haram kommune skal kjenne seg trygge og oppleve god helse og livskvalitet.  

Om folkehelseoversikta

Folkehelseoversikta inneheld ei rekke tema som direkte og indirekte verkar inn på befolkninga si helse og trivsel. Oversikta er viktig del av eit systematisk folkehelsearbeid, og viktig del av kommunen sitt kunnskapsgrunnlag.

Folkehelseoversikta er utarbeida på tvers av kommunalområda. Kjeldene til data varierer, og ikkje alle tema er like grundig omtalt. Dette er første folkehelseoversikt etter at Haram vart eigen kommune. Oversikta skal ha årleg oppdatering, og ein større revisjon kvart fjerde år. Datagrunnlaget og omtale av dei ulike tema vil dermed stadig bli betre

Les folkehelseoversikta for Haram kommune