Noko av det viktigaste du som innbyggar kan gjere for å påverke samfunnet, er å stemme ved val. I Noreg har vi både stortings- og sametingsval og lokalval. Hausten 2023 var det lokalval, og hausten 2025 er det stortingsval.
Ved å stemme ved kommunevalet er du med på å påverke kva parti som får størst innverknad, og dermed også dei beste høva til å få gjennomslag for politikken sin den kommande kommunestyreperioden. Dei som er valde inn i kommunestyret og andre politiske råd og utval, representerer innbyggarane. Dette er den mest tradisjonelle forma for medverknad og inneber at dei folkevalde, basert på programmet til partiet, tek avgjerder på vegner av innbyggarane.
Les meir om val.