Utlån og utleige av kommunale lokale og areal

Frivillige organisasjonar, idrettsklubbar, kulturaktørar, grupper og privatpersonar kan søke om å låne eller leige kommunale lokale og areal.

Leige lokale 

Ingebrigt Davik-huset

Ingebrigt Davik-huset har fire salar til utleige som ein kan nytte til dei fleste typar arrangement, frå åremålslag til bryllaup, konferansar, messer og konsertar. 

Kontakt Ingebrigt Davik-huset.

Idrettslokale til leige

Brattvåg idrettshall

Fleirbrukshall for tradisjonell hallidrett som ligg ved Brattvåg ungdomsskule. Hallen blir nytta til undervisning og utleige til lag og organisasjonar. Utleige blir administrert av Brattvåg ungdomsskule. 

Kontakt Brattvåg ungdomsskule

Eidet kulturhall

Fleirbrukshall til trening, idrett- og kulturarrangement som ligg ved Vatne ungdomsskule. Hallen blir nytta til undervisning og utleige til lag og organisasjonar. Utleige blir administrert av foreininga Eidet kulturhall. 

Kontakt Eidet kulturhall

Norborg fleirbrukshall

Fleirbrukshall til trening, klatring, idrett- og kulturarrangement som ligg i Søvika. Hallen blir nytta til undervisning og utleige til lag og organisasjonar. Utleige blir administrert av Norborg anleggsutvikling.

Kontakt Norborg IL

Leige utandørs areal

Når må du søke om å leige uteområde?

Du må søke om å leige areal av kommunen om du på offentleg grunn skal ha:

  • uteservering
  • salsplass
  • standsplass
  • arrangement
  • konsertar/festivalar
  • demonstrasjon/markering
  • filminnspeling/fotografering
  • arrangere løp eller ritt
  • treningsgrupper

Må du søke om løyve?

For nokre arrangement, må ein søke løyve frå myndigheitene. Du er sjølv ansvarleg for å skaffe løyva du må ha.

Søk om å leige areal

Send e-post til postmottak@haram.kommune.no for å leige areal

Leige utstyr

Sjå kvar du kan låne fritidsutstyr

Sjå kva hjelpemiddel du kan låne