Lånereglar

Med lånekort på biblioteket kan du låne bøker, tidsskrift, filmar og andre medier.

Personvernerklæring

Haramsbiblioteka behandler personopplysninger i samsvar med personopplysningsloven og GDPR - EU’s personvernforordning.

  • Biblioteket trenger opplysninger om namn, adresser, telefonnumre og e-postadresser for å kunne administrere utlån og formidle fjernlån av materiale til brukarane våre. Samtykke til å ta vare på slike opplysningar gis ved underskrift når man registrerer seg som lånar hos oss.
  • Opplysningane som registrerast i bibliotekets datasystem brukast ikkje til andre formål enn å administrere utlån/fjernlån og samle statistikk over bruken av biblioteket (statistikken er generell, ikkje knytta til enkeltpersoner).
  • Personnummer trengs for å unngå dobbeltregistreringer i det nasjonale lånerregisteret, men dette lagrast ikkje lokalt. Lånaren kan velje å berre vere registrert som lokal lånar, då treng ein ikkje oppgi personnummer.
  • Bibliotekets tilsette har taushetsplikt, og oppgir ikkje informasjon om lånarane eller kva dei låner til uvedkommande, verken andre brukarar, andre tilsette/virksomheiter i kommuna, andre biblioteks tilsette eller politi/andre myndighetsutøvere. Vi kan heller ikkje få rede på kva ein lånar har lånt hos andre bibliotek.
  • Innsyn: Lånaren kan sjølv logge inn på bibliotekets heimesider og sjå kva slags opplysninger vi har registrert på vedkommendes lånerkonto, eller be om å få sjå informasjonen på biblioteket.
  • Låneren kan be om at hans/hennes opplysninger i lånerregisteret blir sletta.

Kontakt oss hvis du ønsker meir informasjon om kva slags opplysningar biblioteket lagrer om deg som lånar!

Lånereglar - barn

Ved å registrere barnet som lånar, gir du samtykke til at biblioteket kan registrere naudsynte personopplysningar om deg og barnet for å administrere utlån av biblioteket sitt materiale til barnet.

Rekning og erstatning

Haramsbiblioteka har felles rutiner for purring og erstatning av bøker:

  • Etter at lånetida til ei bok eller anna materiale har gått ut, sender biblioteket ut to varsel med påminning om å levere tilbake materialet.
  • Dersom det framleis ikkje vert returnert, vert det sendt ut ein faktura med erstatningskrav. Det er Haram kommune som sender ut fakturaen.

Erstatningskrav

Dersom du mistar eller skader bibliotekets materiale, må du betale erstatning.

Sjå erstatningssatsane, som blir vedtatt årlig av kommunestyret

Merk at: 

  • Språkkurs og spesielt verdifulle bøker, t.d. på lokalsamlinga, blir fastsett individuelt av biblioteket på grunnlag av innkjøpspris og tilgang.
  • Bøker som er lånt frå andre bibliotek er det eigarbiblioteket som fastset kravet.
  • Ved erstatningskrav må ein også betale eit administrasjonsgebyr på kr. 100,-.  Gebyret dekker kostnader ved å sende ut faktura, i tillegg til ekstraarbeidet biblioteket har med å skaffe materiale tilbake og klargjere for utlån.

Har du fått erstatningskrav?

Gjer slik: 

  • Har du bøkene?
    Lever tilbake alt du har lånt og betal administrasjonsgebyret. Bruk fakturaen du fekk tilsendt, men juster beløpet. Bruk same KID-nummer. 
     
  • Finn du berre nokre av bøkene?
    Lever dei tilbake, juster beløpet på fakturaen og betal.
     
  • Finn du ikkje noko av det du har lånt?
    Då må du betale heile beløpet på fakturaen.

Dersom du finn igjen boka etter at fakturaen er betalt, kan du ikkje få tilbake pengane. Biblioteket kan likevel vurdere om vi vil kjøpe boka tilbake. Det kan vere aktuelt om vi kan dekke eit hol i samlinga eller serien ved å kjøpe tilbake materialet. 

Ta kontakt med oss på biblioteket om du har spørsmål eller klager som gjeld erstatning.

Retningslinjer for fjernlån (innlån og Norgeslån)

Det ligg føre nasjonale retningslinjer for fjernlån. Følgande fire prinsipp ligg til grunn for det nasjonale fjernlånssystemet:

  • Materiale som finst i eigne samlingar, skal som hovudregel ikkje bestillast på fjernlån.
  • Materiale som blir levert gjennom kulturfondordninga, skal som hovudregel ikkje bestillast på fjernlån.
  • Materiale som framleis er tilgjengeleg for sal, bør alltid vurderast for innkjøp.
  • Materiale som finst digitalt tilgjengeleg, bør alltid vurderast i staden for fjernlån.

Pensumlitteratur

I tillegg til dei fire hovudprinsippa, gjeld ein særskilt regel for pensumlitteratur. Universitets- og høgskulebiblioteka forventar at studentane skal kjøpe pensum sjølve. Dette inneber at studentane ikkje skal låne heile pensumlister om gongen. 

Fjernlånsordninga er meint for faglitteratur som studentar treng til oppgåveskriving eller fordjupning, utover pensumlitteraturen.

Les meir om dei nasjonale retningslinjene for fjernlån her. (PDF, 166 kB)

Lokale reglar for fjernlån

Biblioteka har også lokale reglar for fjernlån, i tillegg til dei nasjonale. For Haramsbiblioteka gjeld desse reglane:

  • Vi har ei øvre grense på fem innlånsbøker per lånar. Dette gjeld først og fremst fagbøker.
  • Vi låner ikkje ut bøker som har venteliste til andre bibliotek på fjernlån.