Lånetilbod

Biblioteket tilbyr utlån av bøker, filmer, lydbøker med meir.

Bøker

Vi har eit breitt utval bøker i dei fleste sjangrar og format, både for barn og vaksne. 

Søk i basen vår

Bøker frå andre bibliotek

Dersom du ikkje finn det du leiter etter i vår bibliotekbase, kan du prøve Norgeslån.

På nettstaden Biblioteksøk kan du søke og bestille frå dei fleste folkebiblioteka i landet og få materialet levert til ditt lokale bibliotek. Dersom du ikkje finn det du leiter etter, kan du ta kontakt med oss, så skal vi bestille for deg.

Du må ha nasjonalt lånekort for å nytte dette tilbodet.  Du logger inn med ditt nasjonale lånekortnummer og PIN-kode eller passord. Dersom du ikkje har denne informasjonen, er det berre å ta kontakt med biblioteket ditt.

Tilbodet er gratis.

Bøker på andre språk

Biblioteka våre har eit stort utval av bøker på andre språk.  Vi har til dømes bøker på engelsk, polsk og russisk. Utvalet vil variere frå bibliotek til bibliotek.

Dersom vi ikkje har det du ønskjer, kan vi bestille det for deg frå Det flerspråklige bibliotek.

E-bøker

Med appen BookBites kan du låne e-bøker som du kan lese på nettbrett eller mobil. Då har du boka lett tilgjengeleg og kan lese når det passar deg.

Lydbøker

Du kan låne lydbøker på CD enten fysisk i biblioteket eller frå andre bibliotek via Biblioteksøk. 

Du kan også låne lydbøker via appen Bookbites. Då treng du lånekort og PIN-kode eller passord. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Filmar

Biblioteka har eit stort utval av filmer både for barn og vaksne. Utvalet vil variere frå bibliotek til bibliotek. Om du ikkje finn det du ser etter, kan du også låne filmer via Biblioteksøk.

Dersom du har eit nasjonalt lånekort, kan du også låne film via biblioteka si strøymeteneste Filmoteket.

Tidsskrift og aviser

Biblioteka har eit stort utval av aviser og tidsskrift. Det gjeng også an å få tilgang til aviser i bibliotekas lokaler via Nasjonalbiblioteket. Spør oss om veiledning.

Teikneseriar

Biblioteka har ei stor samling teikneseriar for alle aldrar. Her kan du finne alt frå enkle teikneseriar til komplekse teikneserieromanar. Du kan lese dei på biblioteket eller låne dei med deg heim.

Utvalet vil variere frå bibliotek til bibliotek. Dersom det er noko du ikkje finn, kan vi bestille det til deg frå eit anna bibliotek.

Frøbiblioteket

Eva Ulla Myren

Du kan også “låne” frø. Frøbiblioteket er ein base med frø som du kan plukke med deg heim, så dei og forsøke å hauste dei når sesongen er over. Vi har ei rekke ulike sortar, og samlinga vår oppdaterast fortløpande.

Målet vårt er at frøbiblioteket skal vere berekraftig og gå rundt av seg sjølv, slik at nokon andre kan låne frøa du har hausta neste sesong.

Har du frø å donere til oss?

Då blir vi veldig glade! Frøa kan du levere i skranken i biblioteket - hugs å inkludere namn på planten og kva tid dei er pakka. Takk!   

Sjå opningstidene for dei ulike biblioteka våre