
UNG KULTUR I HARAM
Haramsbiblioteka, Haram frivilligsentral, UKM-koordinator, SLT-koordinator og rådgjevar skule og barnehage har fått delegert ansvar for prosjektet «Ung Kultur i Haram».
Haram kommune skal arrangere kulturtilbodet Ung kultur møtast (UKM) og deltek i samarbeidsprosjekt «Ung kunst» med Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ein vil gjennom desse prosjekta styrke kunst og kulturtilbodet for ungdom i Haram.
Tilbodet om kulturtilbod påverkar korleis kvar enkelt kan utfalde seg, og bidreg til å skape identitet og tilhøyrsle i lokalmiljøet. For nærare informasjon sjå UKM og kommunestyresak 025/24 Ung kunst og kultur.
Unge i Haram skal få teste ut ulike kunst- og kulturaktivitetar hausten 2024. Nokre av dei er teikneseriekurs, skrivekurs, dansekurs osv.
Prosjektgruppa samarbeidar også med ungdomsklubbane og skulane.