Sommarles - årets kulaste lesekampanje

Sommerles er ein nasjonal, lesekampanje for alle barn i 1. – 7. klasse i regi av biblioteka. 

 

 

 

 

 

 

Sommerles.no varer frå 1. juni til 31. august kvart år, og er for alle 1.-7. klassingar. Kampanjen har blitt ein suksess ved å bruke elementer frå dataspel for å motivere til lesing. Barn kan saman med sine foreldre lage seg ein profil på nettsida sommerles.no. Her kan dei registrere alt dei les og få poeng for kvar leste side. Det vanker også premier som kan hentast på dei lokale biblioteka. Dei kan også følge ein spesialskrevet forteljing og svare på oppgåver knyttet til denne.

Økt motivasjon for lesing
– Vi har ett mål for øyet: Å motivere barn til å lese mest mogleg i løpet av ein lang sommarferie. Barna som deltek kan velje å lese sjølv, bli lest for eller å høyre på lydbok. All lesing er viktig, og barna veljer sjølv kva de vil lese, om det er fantasybøker, fotballbøker eller teikneserier. Vårt mål er at så mange barn som mogleg får oppleve ekte leseglede og lesemeistring gjennom å delta i Sommerles.no. 

Digitalt leseunivers
Sommarles.no startet i Vestfold fylke i 2014, og har etter kvart spredt seg til å bli ein nasjonal suksess ved å bruke elementer frå dataspel for å motivere til lesing. 2024 var eit rekordår for Sommarles – då deltok over 172 000 leseglade barn frå heile landet! Sommarlesuniverset er bygget opp rundt dei to karakterane Astrid og Asbjørn, som kvart år drar ut på nye eventyr. I årets forteljing, «Gåterullmysteria», kan deltakarane bli med dei to vennane og løse gåter og mysterier som dukker opp underveis. 

Sommarles.no samarbeider blant anna med Leser søker bok, Tibi – Biblioteket for tilrettelagt litteratur, Sametingets bibliotek og fylkesbiblioteka.  

Slik fungerar Sommerles.no:

  • For å komme i gang, lager barna ein eigen profil på Sommerles.no (med føresattes godkjenning). Her registrerar dei bøker dei les gjennom sommaren og får poeng for leste sider. Dei får også lesetips.
  • Underveis får barna digitale trofeer og etter kvart har dei samla nok poeng (XP) til å få fysiske premier. Desse kan hentast på biblioteka i kommunen deltakarane bur.
  • Barna får tilgang til ein spesialskrevet forteljing.
  • Sommerles.no er for alle: superlesarar, gode lesarar, middels gode lesarar, men også dei som treng litt hjelp eller berre er i ferd med å lære seg å lese. Ein får poeng både for å lese sjølv, men også om ein blir lest for eller høyrer på lydbøker.