Frå januar 2024 består Haramsbiblioteka av biblioteka Vatne, Brattvåg, Lepsøy, Haramsøy og Longva. Som følgje av oppsplittinga har også utlånssystemet til biblioteka blitt delt. I ein overgangsperiode kan lånarane merke nokre konsekvensar av dette. Det kan vere utlånte bøker som dei ikkje lenger finn igjen, eller reserveringar som har forsvunne.
Vi har forsøkt å fange opp mest mogleg av slike ting, slik at til dømes dei fleste reserveringar som har blitt sletta har blitt lagt inn på nytt, eller bøkene har blitt bestilt inn frå andre bibliotek. Det kan likevel vere ting som har ramla gjennom sprekkene. Vi ber lånarane ta kontakt om det er noko som ikkje verkar rett, så skal vi gjere det vi kan for å ordne opp i det.
Nokre endringar vil delinga føre med seg for lånarane våre, men vi vil prøve å gjere overgangen så lite merkbar som mogleg. Det største skilnaden gjeld det å reservere bøker. Sidan Haramsbiblioteka no er skilt ut frå Ålesundsbiblioteka, vil det seie at lånarane ikkje har like god tilgong til bøkene frå Ålesund, Moa, Sjøholt, Skodje og Harøy som dei har hatt fram til no.
Sidan vi no er to ulike bibliotek, vil vi ikkje lenger ha tilgang på kvarandre sine katalogar. Dette vil seie at ein Haramslånar ikkje lenger kan reservere ei bok frå til dømes Moa bibliotek. Dersom ein skal ha tak i bøker som ikkje finst på eit av Haramsbiblioteka, må ein no bestille dei som fjernlån gjennom til dømes Biblioteksøk. Biblioteka kan hjelpe til med dette.