
Om prosjektet “Bokstart”
Haramsbiblioteka har fått midler frå Nasjonalbiblioteket og Møre og Romsdal fylkeskommune til eit prosjekt som heiter «Aktiv formidling».
Vi er over 20 bibliotek i MR som er med på prosjektet. Alle kan velje kva dei ønsker å fokusere på, men det skal vere formidling ut til dei minste.
Vi i Haram har valgt å gå for Bokstart. Vi samarbeidar med dei tre helsestasjonane i kommuna.
Foreninga !Les tok intiativet til Bokstart i Noreg.
Bokstart oppmuntrer deg som vaksen til å lese, synge, rime og prate saman med barnet ditt.
Ei lesestund er hyggeleg for vaksne og barn. Ved å lese saman, bidrar du til at barnet blir betre til å lytte og til å uttrykke seg.
Helsestasjon+Bibliotek=Sant
Helsestasjonane henger opp og deler ut infomateriale og gir så ut gåvekort til føresette på eittårskontrollen til barna. Desse gåvekorta vekslast så inn i ei gratis bok som føresette kan hente på eit av biblioteka i kommuna vår. Dei føresette får også ei informasjonsbrosjyre saman med boka om Revungen. Den er meint å inspirere foreldre og andre vaksne til å snakke, lese, synge og rime sammen med barna på eigemorsmål.
Vi ønsker å inspirere til lesing frå tidlig i livet. Ved å gi ut gratis bøker, så gir vi føresette moglegheiten til å ha lesestunder saman med barna frå tidleg i livet. Gleda av å lese er kanskje oftest den største motivatoren for lesestunden og gir familiene ein fristad og ein felles kulturell opplevelse. Fantasien får fritt spillerom, barna opplever tilhørigheit og dei opplever å bli sett, hørt og tatt på alvor.
Boka “Revungen”
Haramsbiblioteka deler ut boka «Revungen». Boka er uten tekst. På den måten kan foreldre og andre omsorgspersonar fortelje for barnet sitt på eige språk, uansett norskkunnskapar. Dei vaksne kan snakke med barnet med utgangspunkt i bileta og dei forskjellige kvardagssituasjonane i boka.