Fjernlån er stengt

NBT, transportbyrået til biblioteka, har gått konkurs. 

NBT

 

 

 

 

 

 


Haramsbiblioteka fekk den 14. april melding om at Norsk Bibliotektransport (NBT) er slått konkurs.

Kommunar, fylkeskommunar og høgskular i Møre og Romsdal og i resten av landet har gjennom fleire år hatt avtale med NBT om transport av bøker mellom biblioteka. Dette har vore ei ordning som har utvida litteraturtilbodet i det enkelte biblioteket; dersom ein kommune ikkje sjølv hadde boka, kunne ho lånast inn frå eit anna bibliotek – fjernlån – og bli sendt via Norsk Bibliotektransport til bestillingsbiblioteket – ditt bibliotek.


Kva vil konkursen bety for deg som bibliotekbrukar?
I ei tid framover vil det no ikkje vere mogleg for deg å bestille bøker direkte frå andre bibliotek enn biblioteka i Haram kommune. Vi fraktar sjølv bøker mellom biblioteka våre eit par gonger i veka.


Mange bibliotekbrukarar har òg bestilt bøker frå Nasjonalbiblioteket (depotbiblioteket) i Mo i Rana. Også Nasjonalbiblioteket har no stengt for at lånarar kan bestille sjølve.


Vi oppmodar alle om å levere bøker dei har lånt i andre kommunar tilbake til der dei lånte dei, men dersom du har lånt bøker i ein annan kommune og ønskjer å levere dei hos oss i Haramsbiblioteka for retur til eigarbiblioteket, kan du framleis gjere dette.


Kommunar, fylkeskommunar, universitet og høgskular vil i tida framover samarbeide om å få på plass ei god ordning og praksis for transport av bøker mellom biblioteka i landet, men vi veit ikkje når dette vil vere på plass.


Vi vil informere om eventuelle endringar etter kvart som vi får betre oversikt.

 

Vi beklagar verkeleg ulempene dette medfører og jobber med å finne løysningar.

 

Det vil ikkje bli sendt ut purringar med det første på bøker lånt frå andre kommunar.

 

Om du ikkje finn boka du vil ha i basen vår, kan du låne digitale bøker via Bookbites eller Nasjonalbiblioteket.

 

Trenger du sårt pensumbøker/oppgåvebøker? Dei finn du også på Nasjonalbiblioteket. Eller også digitalt frå lærestad eller på Allvit.

 

Meir info om NBT og konkursen: Norsk bibliotektransport er konkurs