100 bøker før 6 år!

Bli med på lesekampanjen “100 bøker før du er 6 år”!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lesekampanje for småbarnsfamiliar

Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer kampanjen «100 bøker før du er 6 år», og Haramsbiblioteka er sjølvsagt med! Gjennom kampanjen får barn og føresette konkrete lesetips, små premiar undervegs og eit diplom når målet er nådd.

Kampanjen er retta mot barn i barnehagealder, og går ut på at ein les, eller blir lesen for, 100 bøker før skulestart. Målet er å gjere det enklare og meir motiverande for familiar å lese saman i kvardagen, samtidig som ein ønskjer å bidra til meir leseglede og skape gode lesevanar tidleg i livet.

Hent hefte på biblioteket

Du får eit hefte der du registrerer kva bøker de har lese. Undervegs kan barna få lesebutton for kvar 25. bok, før dei til slutt får sitt eige superlesardiplom!

Heftet inneheld informasjon om kampanjen, lesetips for ulike aldersgrupper og god plass til å registrere bøker de les som ikkje står på leselista.

Lesetipsa er svært varierte. Dei er først og fremst delte inn i to aldersgrupper, 0–3 år og 4–6 år, men de finn òg forslag til bøker på andre språk, tilrettelagde bøker og bøker som er ein del av ein serie. Det er med andre ord eit rikt utval bøker å velje mellom!

Du kan hente heftet på alle dei fem Haramsbiblioteka fra og med hausten 2026. Alle biblioteka har også eit utval bøker frå heftet, og vi hjelper deg sjølvsagt med å skaffe det vi ikkje har tilgjengeleg der og då.

 

Delar av innhaldet er henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.