Plan Eigedom Landbruk Teknisk (PELT)

Kommunalområdet for Plan Eigedom Landbruk Teknisk har eit omfattande ansvarsområde. Det leverer eit vidt spekter av lovpålagte tenester til innbyggarar, samtidig som det støttar og bidreg til utviklinga av andre kommunalområde.

Dette føreset god samhandling og tverrfagleg dialog internt mellom kommunalområda og med innbyggarar, næringsliv og fag- og undervisningsmiljø. Haram kommune har lang tradisjon for godt samarbeid med næringslivet, og området skal fortsette å vere ein aktiv medspelar i tilrettelegging etter «Haramsmodellen».  

Organisering og ansvar

Kommunalområdet Plan Eigedom Landbruk Teknisk er organisert med tre tenesteområde i tillegg til kommunalsjef og fagstab. Med interkommunalt landbrukskontor tel området til saman om lag 58 årsverk.

Kommunalområdet er samansett av til dels svært ulike tenesteområde som er gjensidig avhengige av kvarandre for å kunne levere effektive og gode tenester. Samstundes er desse arbeidsområda heilt sentrale for korleis vi bygg, utviklar og formar våre fysiske omgjevnadar; både i tettstadsområda og i dei mindre tettbygde delane av kommunen. Området er såleis ein sentral medspelar i samfunnsutviklinga. 

Tenesteområdet Plan

Tenesteområde plan er forvaltar og utøvar av mynde knytt til land- og sjøareal i kommunen. Oppgåver som arealplanlegging (overordna planar, temaplanar, områdeplanar og detaljregulering), byggesakshandsaming, geodata (inkludert oppmåling) og eigedomsinformasjon er organisert under dette tenesteområdet.

Kommunalområdet skal bidra til å byggje ei attraktiv og næringsvennleg kommune. I denne samanhengen er ein effektiv arealpolitikk som legg til rette for ei berekraftig samfunnsutvikling sentral. Strategiane i Regional plan for areal, klima og transport (PAKT) står sentralt. Dette gjeld til dømes ved utvikling av eigedomsstrategiar og lokalisering av offentleg tenestetilbod, utvikling av kollektivtilbod samt i planar for nye utbyggingsområde, samt veg, vatn og avløp.

Tenesteområdet plan er ansvarleg for alle tenester knytt til forvaltning av plan- og bygningslova. Området er i hovudsak finansiert av gebyr fastsett etter sjølvkost for kommunen sine kostnader med sakshandsaming. I tillegg utfører tenesteområdet det administrative arbeidet knytt til eigedomsskatt og er sekretariat for sakkyndig nemnd og skattetakstklagenemnda. Tenesteområdet har tilsaman ni tilsette med høg kompetanse innanfor forvaltningsområdet.

Tenesteområdet Eigedom

Tenesteområde eigedom forvaltar og utviklar Haram kommune sine eigedomar og areal. Oppgåvene omfattar drift, vedlikehald, rehabilitering og utbygging, samt kjøp og sal av eigedom. Tenesteområdet har ansvar for ein stor og variert eigedomsmasse som er avgjerande for kommunen si samla tenesteproduksjon. Tenesteområdet skal sikre at bygningsmassen er funksjonell, trygg og formålstenleg, og tilpassa behova i dei kommunale tenestene.

Tenesteområdet følgjer opp politiske prioriteringar knytt til eigedom og areal, og omset behov frå tenesteområda til konkrete tiltak i eigedomsmassen. Dette omfattar både langsiktig planlegging og gjennomføring av tiltak. Eigedom ivaretek kommunen sitt byggherreansvar i utbyggings- og rehabiliteringsprosjekt, og har ansvar for forsvarleg gjennomføring, kvalitet og økonomisk styring.

Systematisk arbeid med vedlikehald og utvikling er nødvendig for å avgrense vedlikehaldsetterslep, redusere kostnader over tid og ta vare på verdiane som ligg i eigedomsmassen. Prioriteringar innan eigedomsområdet har direkte verknad på økonomi, HMS og kvalitet i dei kommunale tenestene.

Tenesteområdet er organisert med tenesteleiar, byggforvaltarar og eigne grupper for drift og reinhald. Desse funksjonane er avgjerande for dagleg drift av bygga og for å sikre forsvarlege arbeids- og brukartilhøve. 

Tenesteområdet Teknisk

Området har har ansvar for å forsyne innbyggjarane med drikkevatn og handtere avløpsvatnet.  Området har ansvar for drift, vedlikehald og fornying av reinseanlegg, leidningsnett og pumpestasjonar for både drikkevatn og avløpsvatn.  Verksemda blir finansiert gjennom vass- og avløpsgebyr. 

Samla sett har denne delen av kommunalområdet ei sentral rolle både for kommunen sine eigne, men også natur-, miljø- og klimaretta tiltak retta mot innbyggjarane, slik som tilsyn med private avløpsanlegg.

Auka lovpålagte krav til leidningsnett for vatn og avløp gjer at private og offentlige anlegg må utviklast og utbetrast i perioden – samt at reinsegraden for avløpsvatn aukast. Andre viktige oppgåver er forvaltning av vasskjeldeområde, tilsyn, rettleiing og informasjon til kundar, abonnentar og samfunnet elles.  

Området forvaltar og utviklar det kommunale vegnettet og har ansvar for sommar- og vintervedlikehald.

Tenesteområdet er forvalter av Haram sine deltakarinteresser i dei interkommunale avtalene om brann og redning, beredskap og renovasjon/slam. 

Tenesteområdet har tilsaman 19 ansatte med samansatt ingeniørkompetanse innan fagområdene. Driftseininga er samorganisert med Eigedom og består av 1 fagleiar og 12 driftsoperatører som utfører vaktmestertenester, driftsoppgåver, handverkertenester og vatn, avløp, veg og grønt.

Nordre Sunnmøre Landbrukskontor - Vertskommunen Haram

Haram kommune er ei stor landbrukskommune og har vertskommuneansvar for landbruksforvaltninga i Giske, Sula, Haram og Ålesund. 

Landbrukskontoret har blant anna ansvar for kommunal og statleg forvaltning av oppgåver innan landbruk, skogbruk og viltforvaltning , i tråd med nasjonalt regelverk og delegasjonsreglementet til dei enkelte kommunane. Landbrukskontoret har for tida fem tilsette.

Kommunalsjef og fagstab 

Fagstab har ei støttande og koordinerande rolle i kommunalområdet. Arbeidet omfattar sakshandsaming, forvaltningsoppgåver og oppfølging av politiske vedtak, samt fagleg støtte til kommunalsjef og tenesteområde.

Fagstaben bidreg i arbeid med fagutvikling, kvalitet og kompetanse, og legg til rette for samhandling og samarbeid på tvers av tenesteområda.