Kommunalområdet har eit heilskapleg ansvar for barn, vaksne, familie og integrering og skal støtte opp under innbyggarar og tenester i eit livsløpsperspektiv.
Kommunalområdet vil ha eit særleg ansvar for oppretting av faglege samhandlingsarenaer på tvers, i nært samspel med dei andre kommunalområda.
Kommunalområdet skal legge til rette for førebygging og tidleg intervensjon. Tverrfagleg samarbeid, der kommunalområde Livsløp har ei sentral rolle, er eit prioritert område å lukkast med i Haram kommune.
Organisering og ansvar
Kommunalområde Livsløp består av ein fagstab og seks tenesteområde.
Oppgåver - fagstab Livsløp
- Oppfølging av tenesteområda, sakshandsaming, forvaltningsoppgåver
- Fagutvikling, kvalitet, kompetansestyring, FOU
- Samhandling og samskaping i og på tvers av kommunalområda
- Innkjøpskompetanse
- Samordning av lokale rus-og kriminalitetsførebyggande tiltak (SLT)
- Barn og unge sin representant i plan- og byggesaker
- Administrering av psykososialt kriseteam
- Barnehagemynde
- Kommuneoverlege
- Miljøretta helsevern
Tenesteområde
- Ergoterapi, fysioterapi og lege, helsestasjon og jordmor
- Pedagogisk fagsenter
- Psykisk helse, rus og ressursbase
- Integrering
- Barnevern
- NAV - kommune
Publisert 16.08.2023 11.30
Sist endra 06.05.2025 17.17