Kommunedirektørens stab

Organiseringa av kommunedirektøren sin stab skal legge til rette for og understøtte god og effektiv tenesteproduksjon og vidareutvikling av tenester til beste for innbyggarane i kommunen.

Kommunedirektøren sin stab skal ha ansvar for fellesoppgåver knytt styring og leiing, samt yte støttetenester til heile kommuneorganisasjonen. Det skal vere tett samhandling mellom stab og kommunalområda. 

Organisering

Kommunedirektøren sin stab er ein organisatorisk eining som består av fleire fagansvar og fagområde. Dette er:

  • HR
  • Økonomi og finans
  • Arkiv og dokumentforvaltning
  • Innbyggarservice
  • Kultur og kulturskule

Ansvar

Kommunedirektøren sin stab leverer primært utviklings- og støttetenester til resten av organisasjonen, og støtter opp om det strategiske arbeidet i kommunen. Staben har eit særskilt ansvar for samarbeid på tvers, både innad i staben og på tvers av heile organisasjonen.

  • Politisk sekretariat
  • Kommunikasjon
  • Innbyggarservice
  • Samfunnsdel av kommuneplan
  • Finans, budsjett, rekneskap, styring av tenesteområda (verksemdsstyring), controller
  • Løn
  • Innkjøp
  • Dokumentasjonsforvaltning/arkiv
  • FN sine berekraftmål og miljøfyrtårn og miljøleiing
  • Næring
  • Beredskap, kriseleiing (team), kvalitet
  • GDPR og informasjonssikkerheit
  • IKT og digitalisering
  • Samhandling på tvers
  • FOU
  • Personvernombod (IKA)
  • HR-prosessar
  • HMS og internkontroll
  • Innovasjon og organisasjonsutvikling
  • Ressursstyring (GAT)
  • Systemansvar for Compilo, WebCruiter og Visma GAT
  • Ansvar for HVO og HTV
  • Rekneskap og innfordring - økonomiprosessen
  • Koordineringsansvar for føring av eigedomsskatt
  • Systemansvar HRM Visma og Framsikt
  • Systemansvar for Acos Websak