Deling av Ålesund kommune 2024 og Haram kommune 2024 er den første kommunedelinga i Noreg sidan 1977.
Her kan du lese meir om kommunedelinga
Fakta om Haram
- Kommunenummer: 1580
- Organisasjonsnummer: 944305483
- Folketal: 9357 (2024)
- Landareal: 254 km²
- Kommunen består av ein fastlandsdel som omfattar halvøya mellom Grytafjorden og Midfjorden, og fire av Nordøyane:
Lepsøy, Haramsøy, Skuløy/Flemsøy og Fjørtoft - Administrasjonssenter: Brattvåg
- Tettstader: Brattvåg, Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes
- Ordførar: Vebjørn Krogsæter (Senterpartiet)
- Kommunedirektør: Anders Norvald Hammer
Kommunevåpen
Kommunevåpenet er likt det som var i tidlegare Haram, og vart godkjent i 1987. Det symboliserer sjøen som arbeidsplass og som bindeledd mellom dei ulike delane av kommunen.
Næringsliv
Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Kultur og idrett
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
I aktivitetskalenderen Friskus kan alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen vise fram tilboda sine