Sikker post til kommunen (eDialog)

Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til Haram kommune via ein sikker og effektiv kanal. 

Kvifor bør du bruke eDialog?

Å sende dokument via e-post kan vere usikkert, i tillegg kan dei bli stoppa i spamfilteret hos e-postleverandøren din. 

I eDialog kan du sende dokument som inneheld sensitive personopplysningar, eller andre typear dokument som er unnateke det offentlege. Vi oppmodar både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss.

Her kan du sende sikker digital post til Haram kommune

Slik brukar du eDialog

  1. Gå til eDialog 
  2. Logg deg på med elektronisk ID (til dømes BankID eller MinID).
  3. Fyll ut skjemaet og last opp eventuelle dokument du vil sende til oss.

Slik fyller du ut skjemaet

  • Obligatoriske felt er merka med farga tekst det der står “må fylles ut”.
  • Tittel: Her skal du fylle inn kva saka gjeld, gjerne saksnummeret om du har fått tildelt det.
  • Melding: Gi ei god beskriving av kva saka gjeld.
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg.
  • Vel om forsendinga har sensitivt innhald.
  • Fyll ut informasjon om avsendar.
  • Sjå gjennom oppsummeringa, og klikk på “Send skjemaet”. Forsendinga blir kryptert og sendt direkte til vårt saks-/arkivsystem.
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post.

Når treng du ikkje bruke eDialog?

  • Førespurnaden din inneheld ikkje sensitive eller teiepliktige opplysningar.
  • Du har enkle spørsmål som kan svarast på via e-post.
  • Om kommunen tilbyr eigne elektroniske skjema for formålet - sjå liste over skjema i søknadssenter

Brevpost og e-post

Vi gjer merksam på at brev og e-postar som blir sendt til kommunen kan bli offentleggjort på postlista vår, slik at det du har skrive kan lesast av alle. 

Haram kommune si felles postadresse er: 
Haram kommune
Postboks 33
6282 Brattvåg

Haram kommune si felles e-post adresse er: postmottak@haram.kommune.no

Organisasjonsnummer

Haram kommune sitt organisasjonsnummer: 829 912 252