Individuell plan og koordinator

Har du behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid? Då har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP).

Om du har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstjenestelova, kan du ha rett på koordinator og individuell plan.

  • Med langvarig er det meint at behovet må ha ei viss varigheit, men den treng ikkje vere varig eller strekke seg over månader eller år.
  • Koordinerte tenester betyr at du treng to eller fleire helse- og omsorgstenester. Det vil seie tenester frå ulike tenesteytarar, og at tenestane bør sjåast i samanheng.

Kva er individuell plan?

Ein individuell plan skal sikre at det er nokon som har ansvaret for koordinering og målretting av tenestane og tiltaka dine. Den gir og ei oversikt over kven som er dine tenesteytarar.

  • Det er eit planleggingsdokument som hjelper deg å setje personlege mål.
  • Planen skal seie noko om korleis du kan oppnå desse måla.
  • Du/dine pårørande deltar aktivt i å lage planen.

Planen gir oversikt over kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for.

Kva er ein koordinator? 

Du kan få utnemnt ein koordinator. Koordinatoren skal sikre nødvendig oppfølging og samordne tenestetilbodet ditt. Koordinatoren skal òg sikra framdrift i arbeidet med ein individuell plan, dersom du ønskjer det. Du kan velje å ha ein koordinator sjølv om du ikkje ønskjer å få utarbeidd ein individuell plan.

Ein koordinator er ikkje ei ny teneste som utløyser fleire ressursar, men ei rolle som blir lagt til ein tenesteytar som allereie er inne i apparatet rundt deg.

Korleis søke om tenesta?

Du må søke om tenesta ved å bruke skjema for søknad om helse- og omsorgstenester. 
Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.

  • Last ned og fyll ut skjemaet under
  • Skjemaet skal signerast og sendast til
    Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg

Søk om helse- og omsorgstenester

Vil du vite meir?