Demensomsorg

Demenssjuke og deira pårørande har ei rekke rettigheiter og krav på ulike tenester, hjelpemiddel og støtteordningar.

Har du eller nokon av dine næraste demenssjukdom?

Kommunen sitt demensteam/hukommelsesteam er eit lågterskeltilbod som er gratis. Tilvising er ikkje nødvendig. Både enkeltpersonar, pårørande, vener og helsepersonell kan ta direkte kontakt. Vi har teieplikt. Ta gjerne kontakt med demensteamet/hukommelsesteamet tidleg i forløpet. Vi vil gjerne vere din/dykkar kontaktperson i kommunen.

Kva er demens?

Demens er ei fellesnemning for ein kronisk funksjonssvikt som skuldast ulike hjernesjukdommar eller skadar. Alzheimers sjukdom er den hyppigaste årsaka til demens, men det finst mange fleire. Demens er kjenneteikna ved kognitiv svikt, redusert evne til å fungere i dagleglivet slik ein har gjort tidlegare. (Kilde: Knut Engedal, Aldring og helse, Nasjonal kompetanseteneste)

Kva kan demensteamet/hukommelsesteamet tilby?

  • Gi råd og rettleiing til personar med demens, pårørande og helsepersonell
  • Kartlegging og utgreiing i samarbeid med fastlege
  • Heimebesøk
  • Oppfølging av pasient og pårørande
  • Tilrettelegging av aktivitetar
  • Informasjon og hjelp til å søkje på kommunen sine tenester
  • Søkje om aktuelle hjelpemiddel

Pårørandeskule 

Kvar haust arrangerer vi kurs for pårørande i samarbeid med Ålesund og omeign Demensforeining. Kurset går over 5-6 kveldar og er interkommunalt.

Samtalegrupper for pårørande

Samtalegrupper er ein møteplass for pårørande der ein kan gi kvarandre råd og tips, utveksle erfaringar og styrke eiga meistring. Gruppene vert leia av geriatriske sjukepleiarar, og møtest ca. ein gong pr. månad på dag- eller kveldstid. Det er 6-8 deltakarar i kvar gruppe, og møta varer i omlag to timar. Ring oss for meir informasjon, eller meld deg på.

Aktivitetstilbod 

Aktivitetstilbod i dagsenter

Vil du vite meir? 

Demensvennlig samfunn (Nasjonalforeningen for folkehelse)

Aldring og helse (Nasjonal kompetanseteneste)

Kva er demens? (Nasjonalforeininga for folkehelsa) 

Framtidsfullmakt

Kontaktpersonar

Dei geriatriske sjukepleiarar i hukommelsesteamet har telefontid på onsdagar