Kva
Sterk og stødig er gruppetrening for deg som er over 65 år og bur heime. Du kan gå utan hjelpemiddel inne, men opplever at balansen og styrken i beina ikkje er som før.
Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Vi trenar for det meste ståande og litt sittande. Du kan støtte deg til ein stol ved behov.
Gruppene blir leia av frivillige instruktørar som er kvalifiserte gjennom Sterk og stødig instruktørkurs. Fysioterapeutar er rettleiarar for instruktørane, og administrerer tilbodet i kommunen.
Kvar og når
Treninga er innandørs i ditt nærmiljø og du må komme deg til/frå treninga sjølv.
Det er lagt opp til kaffi og prat etter treninga. Meir informasjon om dette får du lokalt, hos den enkelte gruppe og instruktør.
Gruppene følger skuleåret, og har fri når skulane har ferie.
Påmelding og pris
Dersom det er ledig plass i treningsgruppa kan du kan få ein uforpliktande gratis prøvetime.
Påmelding på e-post til sterkogstodig@haram.kommune.no eller på telefon 70 20 75 00 (måndag-fredag 09.00-14.00).
Pris: kr 300,- per halvår.
Vil du bli instruktør?
Sterk og stødig er eit populært tilbod, og vi vurderer å starte fleire grupper. Ta kontakt dersom du vil bli instruktør. Det blir halde instruktørkurs to gongar i året; på nyåret og tidleg haust.
Dette beskriv deg som instruktør:
- er glad i å bevege deg
- liker å jobbe med andre
- er senior eller er ledig på dagtid
- ønsker å leie ei treningsgruppe
Du som vil bli instruktør får
- instruktørkurs
- hefte med øvingar
- hjelp med igangsetting av gruppe
- rettleiing av fysioterapeut
- førstehjelpskurs og fagleg påfyll
- nye vennskap
Her finn du informasjon om neste instruktørkurs for Sterk og stødig
Sterk og stødig - digital treningstime
Meir informasjon
Kontakt