Søk om støttekontakt

Ein støttekontakt hjelper deg som treng tilrettelegging for å delta i sosialt samvær og få ei meiningsfull fritid.

Kva er ein støttekontakt?

Ein støttekontakt kan vere med deg i sosiale samanhengar og som følgje til fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan til dømes bli med deg og gå tur, dra på kino, gå på kafé, trene eller andre sosiale aktivitetar.

Du får tildelt eit visst tal timar per månad saman med støttekontakten. De avtaler dykk i mellom kva de ønsker å bruke tida på.

Kven kan søke?

Du kan søkje om støttekontakt om du treng tilrettelegging for å delta i sosiale aktivitetar og få ei meiningsfull fritid.

Både barn, ungdom og vaksne som bur eller oppheld seg i Haram kommune kan søkje om støttekontakt.

Slik søker du

For å søke bruker du søknadsskjemaet vårt for helse- og omsorgstenester. Der beskriv du din situasjon og kva du meiner du treng hjelp til.

Inntil digitalt skjema er på plass må papirbasert skjema brukast.

  • Last ned og fyll ut skjemaet under
  • Skjemaet skal signerast og sendast til
    Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg

Søk om helse- og omsorgstenester

Pris

Tenesta er gratis, men du dekker dine eigne utgifter ved deltaking på aktivitetar.

Du kan ha rett på følgjekort, som gjer at støttekontakt/følgjer går gratis inn på aktivitetar, eller får redusert pris.

Ønskjer du å bli støttekontakt?

Sjå korleis du kan søke om å bli støttekontakt.