Kva gjer ein støttekontakt?
Som støttekontakt gir du eit anna menneske positive opplevingar. Nokre treng støttekontakt anten fordi dei ikkje kjem seg ut på eigahand, eller fordi dei treng bistand til å delta på fritidsaktivitetar.
Som støttekontakt jobbar du ca. 3-4 timar i veka. Du er då på oppdrag for kommunen, du er ikkje fast tilsett.
Du får godtgjersle frå kommunen for oppdraget.
Kven kan bli støttekontakt?
- Du må vere over 18 år. Du kan få oppdrag dersom du er under 18 år, då i samråd med brukar/føresette/verje.
- Du må legge fram politiattest og du har teieplikt.
- Du bør vere glad i å vere saman med menneske, ha evne til å finne på aktivitetar, og vere ein motivator for andre.
- Du bør kunne binde deg over ein lengre periode, for å skape stabilitet for brukaren.
Slik søker du om å bli støttekontakt
Vil du bli støttekontakt? Då kan du sende inn ein søknad, der du fortel litt om deg sjølv. Du kan søke via digitalt skjema, eller ved å bruke skjema for utfylling og utskrift.
Søk om å bli støttekontakt - digitalt skjema
Her finn du søknadsskjema for utfylling og utskrift
Kva skjer vidare?
Når vi mottar søknaden din tar vi kontakt med deg for avtale om intervju/samtale, informasjon og rettleiing.
Kontakt oss