Kven kan få følgjekort?
- Har du ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting som varer minimum 2 år, kan du få følgjekort.
- Følgjekort blir tildelt uavhengig av søkjar sin økonomi eller livssituasjon.
- Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense.
Formål
Formålet med ordninga er å førebyggja isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ein funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følgje for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, skal med følgjekortet kunne ha med seg eit følgje, utan at den personen treng å betale for billetten.
Korleis bruke følgjekortet?
- Det er kun følgjepersonen som får rabatt eller gratisbillettar. Den som eig eit følgjekort betaler sjølv.
- Korthaldar vel sjølv følgjepersonen sin, og kan ha ulike følgjepersonar frå gong til gong.
- Det er den enkelte arrangør som bestemmer kva rabatt dei ynskjer å gi.
Ordninga er landsdekkjande, og du kan nytte følgjespersonbeviset på tvers av kommunegrenser. Her er nokre eksempler på kvar kortet kan brukast:
- Atlanterhavsparken
- Bjørneparken
- Bø Sommarland
- Bybadet i Ålesund
- Dyreparken i Kristiansand
- Epic Aktiv Park, Digerneset
- Hunderfossen (har og «Først i køen»-bevis)
- Kongeparken
- Langedrag (Halv pris til ledsager)
- Lilleputthammer (kun 1 følgje får gratis adgang)
- Namsskogan Familiepark
- Polaria i Tromsø
- Tusenfryd
- Valldal aktivitetspark (Følgje får redusert pris)
- Ørskogfjell skisenter
Pris
Det er gratis å få følgjekort. Mistar du kortet, må du betale ein eigendel for å få laga eit nytt.
Slik søker du
Søk følgjekort/ledsagerbevis
Dette må du legge ved søknaden:
- Eit bilete av nyare dato og god kvalitet må leggjast ved søknaden.
- Uttale frå lege eller helsepersonell på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar.
Det er ingen søknadsfrist, søknader blir fortløpande behandla.
For barn vil kortet normalt bli utstedt for 3 år i gongen. For vaksne vil kortet normalt bli utstedt for minimum 2 år i gongen. Ønskjer du å fornye følgjekort sender du inn ny søknad.