- Barn startar på skulen det året dei fyller 6 år.
- Alle barn som skal starte på skulen får brev frå nærskulen sin.
- Barnet/familien får automatisk tildelt plass ved den skulen som barnet høyrer til.
Tildelt skuleplass
Elevar får tildelt plass på nærmaste skule. Dette skjer elektronisk ut i frå folkeregistrert adresse.
Skulekrinsar
Bytte skule
Innskriving i skulen for 1.-klassingar
Innskriving av elevar til første klasse skjer normalt i januar det året dei skal byrje på skulen.
Nye elevar får brev frå nærskulen sin med informasjon om skulen og om når barnet og foreldra skal komme til skulen for å bli kjende.
Innskriving til skule skal gjerast i Føresettportalen
Her finn du oversikt over datoar for innskrivingsbesøk ved skulane
Tidleg skulestart
Barn som fyller 5 år i perioden 1. januar til 31. mars kan søke om tidleg skulestart. Søknad skal sendast til skulen som barnet høyrer til. Rektor sender deretter tilvising til PPT for ei vurdering.
Utsett skulestart
Om du meiner at barnet ditt har behov for utsett skulestart, må du ta kontakt med skulen barnet skal begynne på, for å få tilvising til pedagogisk psykologisk teneste (PPT). PPT lagar deretter ei sakkyndig vurdering. Dersom det etter sakkyndig vurdering er tvil om barnet har kome langt nok i utviklinga til å starte på skulen, kan foreldra kreve at skulestart skal utsettast eitt år.
Ut i frå søknad frå føresette og sakkyndig vurdering, gjer rektor enkeltvedtak om utsett skulestart. I vedtaket vil søknaden bli innvilga eller avslått. Dersom du ønsker å klage på vedtaket, sender du klage til skulen. Du kan også ta direkte kontakt med Pedagogisk-psykologisk teneste.
Målform i grunnskulen
Alle skulane i Haram kommune har nynorsk som hovudmål, og nyttar dette i skriftleg opplæring og arbeid. Føresette som ønsker eit anna opplæringsmål for eleven, må melde frå om dette ved innskriving.
Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1 - 7 i kommunen ønsker skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedtatt, har desse elevane rett til å tilhøyre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skular i kommunen, vedtek foreldra, med vanleg fleirtal, kva for skule som skal gi dette tilbodet.
Lover og reglar
Opplæringslova § 2-4 - moglegheit til å søke om tidleg eller utsett skulestart
Opplæringslova § 2-6 – val av annan skule