Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT)

PPT undersøker om barn og unge mellom 0-16 år kan ha behov for ekstra hjelp i barnehage og skule. Målet er at dei som treng det får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

Kort fortalt

  • Du som er forelder, kan ta kontakt med skulen eller barnehagen dersom du er bekymra. Er eleven under videregåande opplæring skal du ta kontakt med PP-tenesta i Ålesund kommune.
  • PPT tilbyr opplæring til tilsette i barnehagar og skular.

Kva gjer PPT? 

PPT sitt mandat er regulert i kapittel 11 i opplæringslova og Barnehageloven § 33.

  • undersøker om barn kan ha behov for ekstra hjelp, gjennom observasjon, kartlegging og testar. 
  • gir råd og rettleiing til foreldre og føresette. 
  • tilbyr kurs, nettverk og rettleiing til tilsette i barnehage, skule og andre samarbeidspartar. 
  • hjelper vaksne som ønsker utgreiing. 

Meir informasjon om spesialpedagogikk og PPT

Kven kan få hjelp?

PPT hjelper barn, unge og vaksne med rett til opplæring, som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære tilbodet. Dette kan til dømes gjelde: 

  • språk- og talevanskar  
  • konsentrasjonsvanskar 
  • sosiale og emosjonelle vanskar 
  • åtferd som utfordrar
  • syn- og høyrselsvanskar 
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar 
  • lese- og skrivevanskar 
  • matematikkvanskar 
  • ikkje-språklege lærevanskar 
  • bekymringsfullt skulefråvær 
  • prematuritet

Vaksne som har rett på grunnskuleopplæring, kan ha rett til individuelt tilrettelagt undervisning. Før kommunen kan gi individuelt tilrettelagt undervisning til vaksne, skal PP-tenesta gjere ei sakkunnig vurdering av behovet for individuelt tilrettelagt undervisning. Reglar for individuelt tilrettelagt undervisning finn du i opplæringslova.

Slik søker du hjelp frå PP-tenesta

 Kontakt oss