Pedagogisk -psykologisk teneste (PPT)

​Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) jobbar for å inkludere alle barn, ungdom og vaksne i utdanningsløpet.

Kort fortalt

  • PPT vurderer om barn og unge har behov for ekstra hjelp i barnehage eller skule. Dersom du som føresett er bekymra, kan du ta kontakt med barnehagen eller skulen. For elevar under vidaregåande opplæring skal du kontakte PPT i Ålesund kommune
  • PPT skal bidra til at barn, elevar og vaksne med særlege behov får eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod. Tenesta gir også støtte til barnehagar og skular gjennom kompetanse- og organisasjonsutvikling, slik at dei kan legge best mogleg til rette for alle.

Kven kan få hjelp?

PPT hjelper barn, unge og vaksne med rett til opplæring som ikkje har tilfredsstillande utbyte av det ordinære tilbodet. Dette kan til dømes gjelde: 

  • språk- og talevanskar  
  • konsentrasjonsvanskar 
  • sosiale og emosjonelle vanskar 
  • åtferd som utfordrar
  • syn- og høyrselsvanskar 
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar 
  • lese- og skrivevanskar 
  • matematikkvanskar 
  • ikkje-språklege lærevanskar 
  • bekymringsfullt skolefråvær 

Slik søker du hjelp