Kven har rett til individuelt tilrettelagt opplæring?
Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til individuelt tilrettelagt opplæring. Før skulen gjer vedtak om dette, skal det ligge føre ei sakkunnig vurdering frå PPT om dei særlege behova til eleven.
Krav til skulen
Før ein elev blir tilvist PPT, må skulen sjølv vurdere om eleven kan hjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet og med tiltak for tilpassa opplæring. Dersom eleven framleis ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, skal skulen tilvise til PPT.
Slik søker du
Slik søker du om hjelp på skulen.
Vil du vite meir?
Retten til tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging er heimla i kapittel 11 i Opplæringslova.
Utdanningsdirektoratet si rettleiing for tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging